Ho er trenar for det norske alpintlaget i Paralympics i Sør-Korea. Leikane opna fredag. Alt laurdag kan det bli medalje for det norske alpinlandslaget, som berre har ein utøvar, Jesper Saltvik Pedersen.

– Jesper er berre 18 år og byrja å konkurrere på World Cup nivå i fjor. I år har han vunne verdscupen samanlagt, og han vann SuperG-cupen og StorslalåmCupen, fortel Beate Haugen.

Ho kjem frå Rekkedal i Bondalen og køyrde aktivt for Åmdal alpint. Seinare vart ho trenar i Ørsta, og i skikrinsen.

Trenar: Beate Cathrin Haugen frå Bondalen er trenar for alpintlaget i Parlympics. Her er ho på skitur i Norge.

No er ho tilsett i Norges Skiforbund.

–Det er stort å vere her. Det er eit enormt og profesjonelt arrangement, på linje med OL. Organisasjonen og dei frivillige er godt drilla og utruleg serviceinnstilt. Vanlegvis er det ikkje snø her, berre kunstsnø i anlegga, så dette er ikkje ein typisk vintersportsstad.

Dei siste dagane har snøfall skapt utfordringar for arrangøren. Våt og tung nysnø, kombinert med varierande temperaturar førte til at to av dei offisielle utfortreningane måtte avlysast.

– Bakken er kjempeflott og det er meldt sol og temperaturar opp mot 15 grader neste veke. Men med stabile vêrforhold og bruk av salt så trur eg at det blir gode forhold i bakken konkurransedagane, seier Haugen

–Kva ventar du av merksemd rundt Paralympics?

–Vi er ikkje som veldig bortskjemde med merksemd. Men NRK skal ha 90 timar med sendingar og nokre store norske aviser er her.

Laurdag brakar det laust for alpinlandslaget, med utfor. På gjennomkøyringa hadde det norske håpet den beste tida.

– Utfor er eigentleg ikkje favorittrøvinga hans, så det var litt overraskande. Han likar best Super G og storslalåm, seier Beate Cathrin Haugen

–Kva er ambisjonane?

– Målet er ein medalje. Men han har gjort det betre enn forventa i verdscupen i år. Så dersom han har hovudet på rett plass kan det bli bra. Og han bør kunne gjere det bra i fleire disiplinar.

Det norske alpinteamet er klare for Paralympics. Trenarane Hans Blattmann og Beate Cathrin Haugen saman med Jesper Saltvik Pedersen Foto: Marcus Hartman.

Jesper Saltvik Pedersen er lam frå livet i ned og bruker ein såkalla sit-ski.

– Han skal køyre same løype som Aksel Lund Svindal, men utfor startar der SuperG i OL starta. Det går over godt over 100 km i timen. Det er stor idrett og veldig artig å sjå på., seier trenar Beate Cathrin Haugen.