(NB: Vil du sjå filmen på mobiltelefon, anbefaler vi at du trykker på YouTube-ikonet på filmen. Då får du sjå filmen i rett format.)

Den som vil oppleve snøvinteren 2018 må til fjells. Men ikkje langt.

– Eg har ikkje sett så mykje snø ved hytta før, seier Harry Tor Dybdal.

Han eig hytta med den kanskje mest eksklusive plasseringa i Ørsta, nemleg «Dybdalhytta» i Vikeskåla.

2018: Det er lenge sidan det har vore så mykje snø i Vikeskåla, seier eigaren av Dybdal-hytta, Harry Tor Dybdal. Han har hatt ein stri jobb med å moke taket.

I førre veke måka han taket.

– Snøen rakk opp til takrenna. Det var litt av ein jobb å måke taket, fortel Dybdal.

På Eitrefjell, der toppstasjonen til skisenteret ligg, vert det meldt om 230 centimeter snø.

– All nedbør i vinter har kome som snø oppe i fjellet. Då vert det mykje, sjølv om nedbørsmengdene ikkje har vore spesielt store, seier Arild Stokke, som er ivrig vêrobservatør.

Mesteparten kom før jul.

– I februar var det 48 millimeter nedbør i Ørsta sentrum, og det er ikkje mykje, seier Stokke.

Då var situasjonen heilt annleis i 1968. Denne vinteren er gjerne omtalt som snøvinteren framfor nokon, og februar var den store snømånaden.

– Då var det 185 centimeter snø på Velle i februar, fortel Arild Stokke, som har data frå den tidlegare målestasjonen på Velle.

1968: Follestaddalen, snøvinteren 1968. I Kolåsen var det over fire meter snø, ifølge Ivar Aarsæther.

Møre-Nytt kunne i slutten av februar 1968 melde at: «I Ørstavik arbeider både Statens vegvesen og kommunen sine brøytemannskap mest heile døgnet med å halde vegar og gater opne, men det er eit vanskeleg og fånyttes arbeid så lenge det framleis snør»

Og det vart ein sein vår.

–I april var det 180 centimeter snø i sentum, seier Stokke.

Så vidt han kan sjå er snørekorden i Ørsta sentrum akkurat 100 år gammal.

– I 1918 vart det målt 193 centimeter snø, seier Stokke.

Men det er lokale variasjonar. Ivar Aarsæther kjem frå Follestaddalen, og det har alltid vore eit snøhol.

– I Kolåsen var det 4 meter og sytti centimeter i 1968. Brøytekantane var så høge at du ikkje såg bussen då han køyrde forbi, seier Ivar Aarsæther.

I 1968 var Olav Hovdenakk tilsett ved skisenteret. Han fortel at øvre heisstasjon på Eitrefjell var heilt nedsnødd.

– Det snødde heile veka før påske. Det var snø akkurat opp til toppen av vendehjulet, fortel han.

Han tok levande film av moke- dugnaden.