Det seier seksjonsleiar for barnehagar i Ørsta kommune, Reidun Mo.

I samråd med styrarane for dei kommunale barnehagane, har Mo denne veka snudd i saka om feriestengde barnehagar. Det vil seie at det ikkje vert fire veker sommarstengde kommunale barnehagar i Ørsta. I staden vert det ei ferieavvikling som før, med to veker feriestenging om sommaren.

Reduserer kvaliteten

Dette vil krevje tiltak som kan redusere kvaliteten i den kommunale barnehagen. For Mo har ingen intensjon om å sprengje rammene kommunestyret har fastsett for dei kommunale barnehagane.

– I samråd med styrarane må eg finne ut korleis vi skal halde ramma på 91 millionar kroner som kommunestyret har fastsett. Vi må fortløpande sjå kvar vi kan spare pengar. Det vert til dømes ei kontinuerleg vurdering om vi kan ta inn vikarar eller ikkje, seier Mo.

Då kommunestyret handsama budsjett for 2018, var det klart at ramma for barnehagane vart redusert med over to prosent. Då skisserte Mo i tekstdelen tre moglege innsparingar. Det var auka barnetettleik per vaksen, det var nedlegging av den mellombelse nye avdelinga på Sæbø, og det var å utvide feriestenginga av barnehagane.

Kommunestyret bad då om ei ny vurdering av stenginga av den nye avdelinga på Sæbø til årets barnehageopptak er gjort. Det vil seie at den vurderinga skal kome i løpet av mars.

Ein reduksjon i talet på vaksne per born, kan kome i strid med ei ny sentral barnehagenorm. Det er venta at Stortinget vil vedta ei slik til våren.

Og no går altså barnehageleiinga tilbake på tiltaket om å utvide feriestengingane av dei kommunale barnehagane. Dermed er det ingen konkrete innsparingstiltak igjen – med mindre kommunestyret vedtek å stengje den nye Sæbø-avdelinga.

Mo insisterer på at barnehageseksjonen skal greie den økonomiske utfordringa i år. Sjølv om det vert vanskeleg.

Ny sentrumsbarnehage

– Det vert nok ein dårlegare kvalitet. Likevel, sjølv om styrarane og dei tilsette ikkje kan å trylle, er dei svært flinke til å få til gode dagar i barnehagane for borna våre, seier Mo.

På sikt ser Mo berre ei varig løysing. Det er å byggje ein ny stor sentrumsbarnehage.

– Eg har kvart år skrive i budsjetteksten at vi må få til ein større barnehage i sentrum. I dag har vi ein struktur med mange små barnehagar, og det gjev auka kostnader, seier Mo.

Den største kommunale barnehagen er Barnas Vel barnehage, som per 15. desember hadde 97 born. I sentrum er det to mindre kommunale barnehagar, Kvitveisen og Rystene, som begge har mellom tretti og førti born.

– I Ørsta har vi vore vande med å tenkje på Barnas Vel og Mosmarka (privat) som store barnehagar med fem og seks avdelingar. Men vi ser i dei større byane at det er gode barnehagar med både ti og tolv avdelingar. Slike barnehagar er billegare i drift enn dei vi har, seier Mo.

Ho fortel at ho no arbeider med ei sak om barnehagestrukturen, og denne vil verte presentert for kommunestyret etter kvart.

– I forslaget til økonomiplan i fjor var ein større sentrumsbarnehage inne, men vart fjerna etter den politiske handsaminga, fortel Mo.

Mo er glad for engasjementet som har vorte vist, særleg frå foreldra si side.

– Vi set pris på og treng føresette som engasjerer seg både i barnehagen sitt innhald og i den økonomiske drifta, seier Mo.

Stordrift: – Berre ein ny stor barnehage for Ørsta sentrum kan løyse underballansen i barnehagedrifta, seier seksjonsleiar Reidun Mo i Ørsta kommune. Foto: Arkiv