Årsaka er det som skal vere forsøpling i området Flåtane.

– I samband med anna synfaring 1. februar kom kommunen over forsøpling/avfall inne på næringsområdet til Standal Knuseverk, ved lokaliteten Flåtane. Dette står fram som ein klar svikt i rutinane, og eit brot på både ureiningslova og vilkåra i løyve etter ureiningslova. Det skriv miljørådgjevar Magnar Selbervik i kommunen. Han har fortalt Fylkesmannen om funna, og Fylkesmannen seier han ser alvorleg på saka.

– Det har vore brenning av avfall på staden. Vi ber om tilbakemelding og ein plan for opprydding, seier Fylkesmannen i eit brev til knuseverket.