– Å arbeide for Ørstafjordkryssinga er ingen omkamp om stamvegtraseen. Tvert i mot. Det er å følgje det Samferdselsdepartementet sjølve har sagt, og det handlar om å få gjennomgangstrafikken ut frå Ørsta sentrum.

Det seier Paul Kristian Hovden (KrF). Han viser til at Odd A. Folkestad (Volda Frp) under det felles formannskapsmøtet onsdag hevda at Ørsta-politikarar dreiv omkamp om stamvegtraseen med å arbeide for planleggingsmidlar til Ørstafjordkryssinga som ein del av bompakken. Folkestad viste til skrivet som gjekk ut frå regjeringa då Hafast-vart vedteke som trase for ferjefri E39.

– Men samferdselsdepartementet sende ut eit nytt skriv i oktober i 2014. Der er Ørstafjordkryssinga nemnt som eit av sju prosjekt det skal planleggingsmidlar til, seier Paul Kristian Hovden.