Viktig å bli samde

10 år med Eiksundsambandet har ført kommunane på Søre Sunnmøre tettare saman. Samarbeidet gjer oss sterkare, ikkje minst når ein skal føre kampar på vegner av regionen. Men korleis er det med forholdet mellom Ørsta og Volda? Korleis er evna til å kjempe saman til felles beste? Det er grunn til å spørje når vi ser diskusjonen om ein bompengefinansiert samferdslepakke.

I dag går E39 midt gjennom sentrum av både Ørsta og Volda. Dette er ei lite framtidsretta løysing som hemmer utvikling av tettstadane. Tida er overmoden for å få den stadig meir trafikkerte vegen ut av sentrumskjernene. I tillegg hastar det med å løyse opp i flaskehalsar, spesielt rundt flyplassen.

Å tru at vi kan få dette til utan bompengar er naivt. Bompengar, ofte kalla bypakkar, er den vanlegaste måten å løyse samferdsleproblem på. No er tida koma til Ørsta/Volda – den fjerde byen i Møre og Romsdal.

Det vil vere svært skadeleg for utviklinga av Ørsta-Volda om dei to kommunane ikkje klarer å samarbeide om den samferdslepakken som tek form. Å legge opp til åleinegang for Volda er både bakstreverst og korttenkt. Ørstafjordkryssinga må leggjast til side i uoverskodeleg framtid. Og dei gode tiltaka mellom Ørsta og Volda får ein uviss lagnad.

Ei hard kjerne av voldingar står fast på at det skal kome ein bomstasjon i Hovdebakken. Dette forslaget må reknast som ein provokasjon. Ørstingane må sjølvsagt bidra dei også, men å ikkje på denne måten.

Debatten viser at det framleis finst ørstingar og voldingar som osar av gjensidig skepsis til kvarandre. Dette er bremseklossar som ikkje evner å tenkje lengre enn til kommunegrensa, eller på noko anna enn si bygd og sin kjepphest. Heldigvis ser det ut til at dei er i mindretal.