– Kravet er ein tunnel frå botnen av dalen til toppen av Strynefjellet. Det er den einaste løysinga som er akseptabel, seier Hans-Olav Myklebust (Frp), som representerte Ørsta kommune i møtet med Samferdselsdepartementet.

Med Stryn-ordførar Sven Flo som delegasjonsleiar hadde delegasjonen med seg KS1-rapporten om Strynefjellsvegen, ein rapport som dei meiner inneheld manglar og kanskje også direkte feil. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen var ikkje med på møtet. På andre sida av bordet sat statssekretær Tommy Skjervold og folk frå Vegdirektoratet.

– Det var eit veldig godt og konstruktivt møte, seier Jan Ove Tryggestad, styreleiar for Sunnmøre Regionråd.

– Ubegripeleg

KS1-rapporten anbefaler å utvide dei eksisterande tunnelane over ein periode på fire år, og å droppe rassikring mellom tunnelane.

– Vi imøtegår KS1-rapporten på ei rekke punkt. Det vi spesielt tok utgangspunkt i, er at rapporten går langt i å antyde at det ikkje er samfunnsøkonomi vegen over Strynefjellet. Men etter at strynefjellsvegen opna på 70-talet, har det vore ei enorm utvikling i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. At det kjem ein rapport som overser dette er ubegripeleg, seier Tryggestad.

Fare for skade på vogntog

I dag er behovet for ein ny tunnel svært stort, meiner delegasjonen.

– Etter Eiksundsambandet og Kvivsvegen er Strynefjellsvegen hovudåra til Austlandet og Europa for eksportindustrien både på Søre Sunnmøre og Indre Sunnmøre, poengterer Hans-Olav Myklebust.

Regionen som har direkte nytte av riksveg 15 Strynefjellet femnar heile 18 kommunar. For desse kommunane vil vegen over Strynefjellet vere den raskaste vegen til Gardermoen og Oslo. Næringslivet i desse kommunane er også noko av det mest verdiskapande i Norge, med ei verdiskaping på 73 milliardar kroner (2016), sa dei i møtet i departementet.

Myklebust meiner møtet var godt.

– Vi fekk sjølvsagt ingen lovnader. Men det var ei lyttande forsamling. Tilbakemeldingane for gode, fortel Myklebust.