Det seier Per Are Sørheim (H) i ein interpellasjon til kommunestyret. Han er uroa over signal om omkampar i omorganiseringa av Helfo. Det kan gå utover kontoret i Ørsta.

Interpellasjonen tek utgangspunkt i at det i november vart kjent at Helfo si avdeling i Ørsta er foreslått styrkt som eit av sju kontor i landet. Helfo i Ørsta har i dag 43 tilsette.

Sterkare fagmiljø

Omorganiseringa av Helfo kjem på oppdrag frå Helsedirektoratet, som ynskjer ein meir effektiv avdelingsstruktur.

– Formålet er å utvikle sterkare fagmiljø, og tilpasse seg ei digitalisert framtid med auka brukarbehov og nye måtar å levere tenester på, forklarar Sørheim.

Han viser til at Helfo har i dag 550 tilsette, og at 160 av dei vil få tilbod om ein ny arbeidsstad.

– Omorganiseringa medfører at 22 kontor vert redusert til sju. Fleire av kontora er små og dei minste kontora vert ikkje vidareført. Men omorganiseringa omfattar også det største Helfo-kontoret i Oslo, og dessutan kontora i Bergen og Kristiansand. Omorganiseringa skal gjennomførast i løpet av to til tre år, viser Sørheim til.

Støtteerklæring

Sørheim peikar på at i Stortinget har opposisjonen vore kritisk til omorganiseringa og det er usikkert om det er eit fleirtal i Stortinget for denne endringa.

– Regjeringa vert difor i kjent stil kritisert av opposisjonen for sentralisering, kommenterer Sørheim.

Han ber politikarane i Ørsta stå opp og støtte Helfo si avdeling i Ørsta.

– Ørsta Høgre vil difor be ordføraren om at det vert lagt fram ei støtteerklæring som kommunestyret kan slutte seg til. Støtteerklæringa bør sendast til alle partigrupper i Stortinget, i tillegg til at saka vert følgt opp på partinivå både regionalt og nasjonalt, kommenterer Sørheim.

Konkret spør han ordførar Stein Aam om han støttar regjeringa sitt arbeid med å effektivisere offentleg sektor og utviklinga av ein meir framtidsretta kontorstruktur i Helfo.

Overfor kommunestyret ber han om tilslutning til eit vedtak der kommunen støttar omorganiseringa, og at kontoret i Ørsta er eit av dei som skal styrkast og utviklast. Sørheim argumenterer mellom anna med at Ørsta er ein kommune med få statlege arbeidsplassar.

Helfo: Helfo er den største statlege arbeidsplassen i Ørsta med 43 tilsette. Foto: Rune Sæbønes