Det sa seksjonsleiar Kirsti Øye Driveklepp då kommunestyret på siste møte handsama tilstandsrapporten for skulen.

Tilstandsrapporten fortel at Ørsta-skulen ligg om lag på landsgjennomsnittet når det gjeld resultat.

Alexander Riise Olsen (Ap) peika på at det no er større fokus på yrkesretta fag.

– Vi skal inn med nytenking og oppgradering av skulane våre. Då må vi ikkje gløyme klasseromma for yrkesretta undervisning, som rom for sløyd, tekstil fysikk osb. Vi må ikkje gløyme at Ørsta framleis er ein stor industri- og jordbrukskommune, sa Riise Olsen.

Seksjonsleiar Øye Driveklepp var ikkje usamd.

– Eg er samd i vurderinga av praktisk fag. I samband med at Ørsta får ny vidaregåande skule, skal vi snuse på om vi kan vere med på pilotopplegg for verkstadfag, sa Øye Driveklepp.

Når det gald sjølve tilstandsrapporten, åtvara Øye Driveklepp mot å redusere talet på lærarar.

– Det året vi gjorde det dårlegast, då kunne vi relatere det tilbake til året med lågast lærardekning, sa Øye Driveklepp.