Det skriv Volda kommune på sine heimesider.

– Brøytebilane tek såpass stor del av vegen at dei kan kome til å gjere skade på feilparkerte bilar langs vegane. Slik parkering vanskeleggjer brøytearbeidet og er til stor fare for fotgjengarar som vert tvinga til å gå ut i vegen for å kome forbi. Dette er svært uheldig og kan skape farlege situasjonar, står det å lese på heimesida.

Der det ikkje er mogleg å passar, må brøytebilsjåføren snu og la vegen stå ubrøyta.

Volda kommune er i dialog med lensmannen i Ørsta/Volda for å finne ein løysing for korleis kommunen sjølv kan fjerne ulovleg parkerte bilar i framtida.