Mannen var sikta for at han i ein periode på sju månader i 2016 leverte meldekort utan å føre opp alle timane han hadde arbeida. Ifølge rettspapira arbeida mannen 718,5 timar i denne perioden på sju månader, men på meldekorta opplyste han at 327 arbeidstimar. Dette gjorde at den sikta fekk utbetalt nærare 63.000 kroner for mykje i dagpengar.

I retten tilstod mannen lovbrotet han var sikta for. På bakgrunn av tilståinga fann retten det bevist at mannen gjennomførte bedrageriet og at han handla med grov aktløyse. Med bakgrunn i lengda på perioden bedrageriet føregjekk og storleiken på beløpet fann retten det forsvarleg å reagere med vilkårsbunde fengselsstraff i denne saka. I formildande retning la retten vekt på tilståinga til mannen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i tjueein dagar. Fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøve tid på to år.

Etter at dommen vart forkynt for mannen erklærte han at han vedtok den.