Det kom fram under det felles formannskapsmøtet mellom Ørsta og Volda på Ørsta rådhus onsdag. Hovudtemaet på møtet var ein felles samferdselspakke for Ørsta og Volda, noko som er mogleg så lenge Voldatunnelen frå sjukehusområdet i Volda til Furene er inne i NTP, og skal påbyrjast truleg i 2024.

Pine

Der representantane for Volda formannskap mest unisont seier at også Ørsta må vere med på «pinen» med å ha ein bom i området Hovdebakken, seier representantane frå Ørsta formannskap at det vil vere urimeleg overfor Ørsta.

Etter møtet konkluderte ordførarane Stein Aam (Ørsta) og Jørgen Amdam (Volda) med at dei to nok kunne verte samde.

– Men det kan sjå vanskeleg ut til å få semje mellom formannskapsmedlemmene i Ørsta og formannskapsmedlemmene i Volda, seier Aam til Møre-Nytt.

Og semje er viktig. Det gjorde plansjef Kjetil Strand klart då han innleidde om saka.

Nytte

– Denne pakken nærmar seg no ein bypakke Han skal seljast inn til Stortinget. Då er det viktig at det er oppslutnad lokalt. Vidare at dei som skal ha nytte av prosjekta skal vere med på å betale, og omvendt at dei som betalar skal ha nytte, sa Strand.

Han forklarte at det eine prosjektet er i grenseland for kva som kan vere med i ein pakke. Det er planmidlar til Ørstafjordkryssinga. Årsaka er at det er uvisst, viss dette prosjektet vert realisert, vert ein europaveg eller ein fylkesveg. Det er avhengig av traseen over til Hareidlandet i samband med Hafast.

Det andre som kan tolkast å vere i grenseland, ifølgje Strand, er at styringsgruppa har konkludert med to bomsnitt, ved pleieheimen i Volda på noverande E39 og i sjølve Voldatunnelen.

Tiltak

Når det gjeld prosjekta som skal kome i pakken, har styringsgruppa utanom sjølve Voldatunnelen foreslått nytt flyplasskryss, gang- og sykkelveg, kollektivtiltak, nye bruer over Øyraelva og Oselva og miljøtiltak. I tillegg planmidlar til Ørstafjordkryssinga på 10 millionar kroner. Heile pakken som er føreslegen kjem på om lag 1,5 milliardar kroner.

Det var ikkje mykje usemje om sjølve tiltaka. Der verka politikkarane i stor grad å vere samstemte. Unnataket er Ørstafjordkryssinga, som særleg Odd A. Folkestad (Volda Frp) åtvara sterkt i mot.

– Det kan verte oppfatta som ein omkamp å gå inn for Ørstafjordkryssinga. Vi må leggje kva regjeringa la til grunn i april 2014 om linevalet for ferjefri E39. Då vart det avgjort at valet er Hafast, og eit nytt samband over fjorden mellom ytre og Ørsta/Volda i nærleiken av dagens Eiksundsamband, sa Folkestad.

Høgre-strid

Ordførar Jørgen Amdam (ap) innleidde til debatten som leiar i styringsgruppa. Men ordførar Stein Aam (Sp) avbraut han under innleiinga og sa at han no tydeleg snakka som ordførar i Volda, og ikkje leiar i styringsgruppa. Det var når Amdam insisterte på at skulle Volda-politikarane gå for ein basispakke, og ikkje til dømes berre Voldatunnelen, så måtte pine og nytte fordelast, Underforstått at det også må kome ein bomstasjon i Hovdebakken.

Per Are Sørheim (Ørsta Høgre) påpeikte at ørstingane uansett vil betale, også med bomstasjonar berre i Volda kommune.

– For tusen pendlar frå Ørsta til Volda kvar dag, medan 750 pendlar andre vegen. Det at Volda-politikarar ikkje bere vil ha bomstasjonar på det som vert gamle E39 og i tunnelen, det handlar om ei politisk belastning for dei. Ikkje ei praktisk belastning, sa Sørheim.

Volda sit med korta Det avviste Dan Bjørneset (Volda Høgre), og han hevda at Volda sat med korta, for Voldatunnelen kjem uansett.

– Då handlar det om kor rause vi skal vere, slik at vi tener både Ørsta og Volda. Viss Ørsta-politikarane er bombastiske her, då møter vi problem, sa Bjørneset. Mest truleg vert det no forhandlingar mellom Ørsta og Volda om samferdselspakken. Volda formannskap har allereie peika ut tre medlemmer i ei slik nemnd.

– Eg skal ta dette opp i formannskapet i Ørsta, seier Aam til Møre-Nytt.

Rune Sæbønes

Kjetil Strand Foto: Rune Sæbønes
Per Are Sørheim Foto: Rune Sæbønes