– Ordføraren lovde oss at vi skulle få ny Hovden skule på marka ved sida av skulen vi har no. Men plutseleg får vi vite at skulen blir i Ørsta, og alle skulane skal også bli flytta dit. Vikemarka og Velle treng det, fordi Velle er ganske full, og Vikemarka har snørasfare. Men ikkje vi! skriv elevrådet.

– Bygg ny skule til Vikemarka og Velle og puss opp skulen vår og dei andre skulane i Ørsta som treng det, så er vi nøgde. Gi oss grunnar til at det er lurt med ein stor skule i Ørsta, held dei fram.

På «nei-sida» listar dei opp følgjande: Lengre skuleveg, for mange folk, dei må stå opp tidlegare, mindre trivsel fordi dei ikkje kjenner alle, meir mobbing fordi det vert fleire folk, vanskeleg å konsentrere seg og lære når dei har ein lærar som skal lære å kjenne kanskje 30 elevar, skummel veg om hausten når det er mørkt, kostar meir med køyring og lærarar, mindre fritid, dårleg klassemiljø, færre klasseturar og andre gøye ting, mindre plass, og dei vil sakne Hovden skule fordi han er så fin.

På «ja-sida»: Nyare skule og fleire vener.

Seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp takkar elevrådet for gode innspel, og skriv også til dei at ingenting er bestemt i saka enno.

– Vi held på å undersøkje ei mengd ulike spørsmål som politikarane har bestilt svar på, og før vi veit svar på dei, veit vi ikkje kva slags skulebygg som skal byggast, for kva trinn, eller kvar det skal ligge. Eit skulebygg vil stå i minst 40 år, så det er viktig å prøve å sjå litt inn i framtida. Dagens skulebygg kan nok ikkje danne mønster for korleis framtidas skulebygg bør vere. Vi går inn i ei spanande tid. Velkomen til å vere med i dette arbeidet, helsar ho.