– Dette er veldig gledelege tal for oss og det er rekordsøking til folkehøgskulen, seier rektor Martin Staxrud.

Ved Møre Folkehøgskule er det i dag fem ulike liner, og det er spesielt friluftsliv og ekstremsport som mange søkarar har fått auga opp for.

– Det er ganske jamn søking på alle linene, men vi ser at vi er spesielt populære på friluftsliv og ekstremsport-lina. Dette har med plasseringa til skulen å gjere, men det er auke i søkinga på alle linene ved skulen.

Rektoren opplyser at søkartala til folkehøgskulane i Noregligg litt over gjennomsnittet ved dette opptaket, men at folkehøgskulen i Ørsta har ein større auke enn gjennomsnittet.

– Vi ser at vi blir meir og meir populære, og det er veldig positivt.

Nøgd: Rektor Martin Staxrud er godt nøgd med rekordsøking til Møre Folkehøgskule.

Profilering

Folkehøgskulen jobbar målbevisst med å gjere skulen og tilboda betre kjende for potensielle søkarar.

– Vi har prøvd å bygge opp profileringa av dei linene som vi veit er etterspurde. Vi ligg midt i eit mekka for friluftsliv og ekstremsport med tanke på toppturar, skikøyring, fjell og hav. Vi har også ei utruleg bra Kina-line. Det er tilsette frå Kina tilknytt denne lina, og dei har unik kunnskap til å drive lina. Med animasjon prøver vi å knyte oss nærare miljøet som er ved Høgskulen i Volda, og samla sett så fyller vi då skulen ganske greitt.

Ny situasjon

At Møre Folkehøgskule må seie nei til fleire elevar som har lyst til å ta eit år ved skulen er ein litt ny situasjon.

– Det har blitt kamp om plassane ved skulen. No kan vi dessverre ikkje seie ja til alle som har søkt 1. februar. Allereie no må vi seie nei til mange. Sånn har det ikkje vore før. Då har det nesten vore slik at vi brukt tida fram mot sommaren med å fylle opp skulen, men no er mange av linene allereie fulle frå 1. februar.

– Eit mekka: Rektor Martin Staxrud seier at Møre Folkehøgskule ligg midt i eit mekka for friluftsliv og ekstremsport.

Utviklinga som folkehøgskulen no ser vonar dei vil halde fram i mange år.

– Det verkar som at folkehøgskule vert meir og meir populært. I tillegg til at politikarar og samfunnet ser samfunnsnytten av at ungdomane får eit litt annleis år før dei går inn i jobb eller anna utdanning.