– Fokuset i dag er HMS. Dette er ein del av opplegg der vi og andre i Bygg og anleggsgruppa har med oss elevar ut på ulike byggeplassar for at dei skal få eit innblikk i korleis det blir jobba, seier Odd Erik Hovden i Norhus.

Før helga var fjorten elevar frå VG2 byggteknikk pluss lærarar på besøk i Prestegardstunet der Norhus held på med utbygging. Det langt frå det første bedriftsbesøket som elevane har vore på. Tidlegare har mellom anna Veidekke, A. Våge og Ulstein Betong ønskt Ørsta vidaregåande skule velkomen. Målet er at elevane skal få oppleve byggeplassar i ulike stadium og sjå nærare korleis ulike profesjonelle aktørar arbeider. Elevane sjølv er klare på at dei opplev besøka som lærerike og nyttige for dei.

– Det er lærerikt. Her ser på vi konstruksjonen og korleis dei har valt å gjere ting.

For VG2-elevane ventar læretida. Då er bedriftsbesøk ekstra nyttig.

– Desse elevane skal ut som lærlingar til sommaren. Då er det å få førebu seg litt frå skulebenken og faktisk sjå litt korleis ting er i praksis, seier Hovden.

Omvisining: Odd Erik Hovden og byggeleiar Ivar Humberset informerte og viste elevane rundt på byggeplassen.

Interessa for byggfaga har vore aukande, og dette skuleåret er det seksten elevar på VG2 byggteknikk.

– Det er viktig å få kome ut og sjå på det som skjer i verkelege livet. Desse elevane skal søke om lærekontraktar og difor besøker vi ulike byggeplassar. Det er nødvendig for dei å sjå korleis bedriftene arbeider og kva det handlar om, seier fagleiar Odd Erik Engetrøen ved avdeling for bygg- og anleggsteknikk.

VG2-elevane skal gjennom det siste skuleåret gjennom seks veker med utplassering. I fjor haust vart to veker gjennomført.

– No ventar det ei veke rundt vinterferien, og så blir det tre samanhengande veker i utplassering i vår. Dette er fokusert på å vere i god kontakt med næringslivet og framtidig arbeidsgjevarar.

Kontakta mellom næringslivet og Ørsta vidaregåande skule har endra seg drastisk på dei fem siste åra.

– Det er heilt annleis no. Vi er veldig nøgde no og det var ingen problem med å få ut seksten elevar i utplassering i haust. Det er fleire som melder si interesse for å bli godkjende lærebedrifter, og fleire av bedriftene er på, seier Engetrøen.