Det seier seksjonsleiar Knut Åmås i helse og velferd i Ørsta kommune.

Han er innforstått med at dei tilsette ved helsestasjonen ikkje er nøgde med korleis den framtidige utforminga av helsestasjonen kan kome til å verte.

– Utfordringa vår er at vi har små rammer å halde oss til. Då greier vi ikkje å kome i møte alle ynske, seier Åmås.

Ikkje ferdigbehandla

Han poengterer at saka om romprogram ikkje er handsama ferdig.

– Prosessen er i gang enno. Vi er ikkje i mål, og prøver å innfri ynskjemåla så langt vi greier det, seier Åmås.

Han seier at kommunen i denne prosessen både må ta i vare dei ynska som dei tilsette på helsestasjonen har, men også ynska til heimebasert omsorg.

– Det er ein komplisert prosess når vi skal gjennomføre vedtak om å samle heimebasert omsorg og helsestasjonen i same bygning, seier Åmås.