Det viser tala til landbrukskontoret i Ørsta. Tala baserer seg på innrapporteringane frå dei ymse valda i kommunen.

Det vart samla gjeve fellingsløyve på 1.166 dyr i 2017. Det totale talet for felte dyr vart altså 997, noko som gjev ein fellingsprosent på 85.

I 2016 vart det felt 835 hjort. Førre rekord er frå 2009, då det vart felt 941 hjort, og i 2010 vart det felt 919 hjort, geiter det frå landbrukskontoret.

Tala syner at det vart felt flest dyr i Bondalen storvald. Der vart 190 dyr skotne. I Storfjorden storvald (Bjørke-området) vart det felt 116 dyr, og i Norangsfjorden storvald 123 dyr.

I Skarbø-, Festøy- og Barstadvik-valdet vart det skote 62 dyr. På Hjørundfjordstranda vart det felt 26 dyr.

I Bjørdalen vart det felt 21 dyr, medan talet for Åmdal og midtbygda er 74. I Follestaddalen vart det skote 85 dyr.

I Hovdebygda vart det felt 16 dyr, medan talet det vart felt 17 dyr i Rossåa-valdet. På Nørestranda vart det felt 47 dyr.

Det vart felt 119 dyr i Vartdal storvald, medan talet for Nordre Vartdal var 67.

I valda utan bestandsplan vart det til saman felt 34 dyr.

Det vart til saman skote 197 vaksne bukkar, 156 spissbukkar, 193 vaksne koller, 110 unge koller og 341 kalvar, syner oversikta frå landbrukskontoret.