Det brann frisk og var det var mykje røyk frå Raudøyholmen laurdag formiddag. Årsaka var ei kontrollert brenning i samband med ryddinga av holmen.

– Det gjekk over all forventning, men ein god del brenning står framleis att, fortel Jan Ove Raudøy.

Han er med i ei gruppe med frivillige og grunneigarar som sidan i haust arbeidd med å rydde holmen for skog.

Ikkje ferdige

Raudøyholmen var i ferd med å bli attgrodd.

– Vi har ein del arbeid att. Vi er ikkje heilt ferdige med å sage. Vi er ved godt mot, og gir oss ikkje før vi er ferdige. Det blir fleire avbrenningar, men vêret vil avgjere når, seier Raudøy.

Det rauk godt, og bålet på holmen var synleg frå store avstandar. ( sjå video)