Det seier dei tilsette ved helsestasjonen i Ørsta. Dei fryktar at kommunen er i ferd med å få ei løysing som ikkje er framtidsretta. Det er brukarane det vil gå utover.

I samband med bygginga av det nye legesenteret i Ørsta, vert det også endringar for helsestasjonen. I dag held dei 14 tilsette til i andre etasje i helsestasjonsbygningen/gamle legesenteret. Der er det i dag ei trong trapp opp, og ei heis som er lita og gammal. Og lokala er for små og dei er gamle, og ikkje tilpassa moderne helsestasjonsdrift.

Difor såg dei tilsette fram til den dagen dei skulle få nytte ein større, renovert og nyoppussa helsestasjon. No fryktar dei at dette ikkje vil skje.

Det nye legesenteret vert bygt med omsorgsbustader i øvste etasje. Her skal det vere døgnbemanning, og i samband med dette vart det vedteke at heimebasert omsorg skulle flytte frå Ørstaheimen og inn i det gamle legesenteret/helsestasjonen.

Lokala skal delast mellom helsestasjonen og heimebasert omsorg. Det er her problema har oppstått.

– Frå administrasjonen si side er det berre sagt at vi skal semjast om ei løysing. Slik forslaget er no, ser det ut til at vi skal dele fyrste etasje, og framleis halde til her i andre etasje. Dette medfører ingen betringar for brukarane våre, seier helsesøster Johanne Øvregaard.

Helsestasjonen har lovpålagde oppgåver, og det er ei stadig tilføring av nye oppgåver.

På ei veke har helsestasjonen mellom 350 til 400 personar innom. Oppgåvene er mellom anna svangerskapskontroll, fødselsførebuande kurs, heimebesøk til nyfødde, hyppige sped- og småbarnskonsultasjonar fram til skulealder. Det er skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule, flyktninghelseteneste, nasjonalt barnevaksinasjonsprogram og samarbeid med Friskliv osb..

– Det vert foreslått at vi skal ha felles ekspedisjon med heimebasert omsorg, noko som er lite tenleg. Det handlar om dei typar av brukargrupper vi har, og at vi også er underlagt teieplikt for alle brukarar, seier Lisbeth Aklestad.

Dei tilsette ved helsestasjonen meiner det har vore ein dårleg prosess så langt.

– Tillitsvalde og verneombod kom alt for seint inn i prosessen, seier Aklestad og Monica Matinda, og har dermed fått lite høve til påverknad.

Dei tilsette ser føre seg ei løysing der helsestasjonen får disponere heile fyrste etasje og delar av andre etasje som den beste.

– Vi ynskjer oss ein moderne og funksjonell helsestasjon, med lett tilkomst for alle brukargrupper, seier Aklestad.

Når dei får kome inn i ein nyoppussa helsestasjon, er ikkje dei tilsette så sikre på. Ut i mars skal dei flytte ut, for då skal renoveringsarbeidet uansett starte. Og dei tilsette veit enno ikkje kvar dei skal ha mellombels lokale, det er ikkje endeleg avklart endå.

– Helsestasjonen/det gamle legesenteret skal pussast opp for 5,8 millionar kroner. Det er ei minimumsløysing. Vi opplever at administrasjonen ikkje heilt verkar å vite kva behov helsestasjonen har ut ifrå nye, statlege retningslinjer, seier Øvregaard.

Dei tilsette peikar dessutan på at det er eit politisk mål å få helsestasjonen for ungdom tilbake til Ørsta.

– Vi ser det som viktigare at i alle fall ein part kan bli fornøgd med lokala sine, enn at to partar skal vere like misfornøgde etter denne prosessen, seier leiande helsesøster Ingun Håheim Fjørtoft, og sidan helsestasjonen har største publikumstenesta kan det vere naturleg at ein no nyttar høvet og prøver å få til godt eigna helsestasjonslokale som kan vare i mange år framover.