– Ja, slik vert det no. Men vi vurderer heile tida kvar vi skal ha butikkane våre. Og vi er sjølvsagt spente på korleis salet for to Elkjøp-butikkar så nær kvarandre vil verte, seier dagleg leiar for HG Handel, Ingar Teigene.

Det er ikkje mange dagane sidan Lefdal-butikkane i Noreg vart omprofilert til Elkjøp. Selskapa har hatt same eigar, felles administrasjon, felles innkjøp og ei rekkje andre samordningsfunksjonar. Og no er altså Lefdal-butikkane gjort om til Elkjøp-butikkar. Framleis med same eigar. Slik er det også i Ørsta og Volda der HG handel AS på Hareid har eigd Lefdal i Furene og Elkjøp i Hovdebygda i fleire år. No står dei altså bak to Elkjøp-butikkar med kort avstand mellom kvarandre. Sjølv om dagleg leiar Ingar Teigene har god tru på ei framtid for to Elkjøp-butikkar i Ørsta og Volda, var det ingen automatikk i at begge skulle eksistere vidare etter at Lefdal forsvann.

– Nei, det ligg grundige vurderingar bak avgjerda. Men vi veit av erfaringar at vi ikkje hadde klart å halde oppe volumet i dei to butikkane i Ørsta/Volda ved å samle alt i ein butikk. I dag har vi kome fram til at det ikkje er nok med berre ein Elkjøp-butikk for Ørsta og Volda. Likevel: ingen veit kva som vil skje i framtida, og om dagens butikkstruktur vil halde fram. Men no har vi gjort eit val, vi er optimistar, og trur på dagens struktur, fortel Teigene.

Han fortel at selskapet har lengd husleigekontrakten i Hovdebygda. Også i Furene vert det tenkt langsiktig.

Nøgde

– Vi er svært nøgde med utviklinga for butikkane i Hovdebygda og Furene, seier Teigene utan at han vil gå ut med tal for drifta. Det han derimot kan fortelje, er at HG Handel i fjor hadde ei omsetning på 350 millionar kroner, og eit resultat før skatt på sytten millionar. Omsetninga omfattar dei to butikkane i Ørsta og Volda i tillegg til to Elkjøp-butikkar i Ulsteinvik, og to i Ålesund.

Teigene trur ikkje butikkane kjem til å utkonkurrere kvarandre. For det er ikkje butikkane seg imellom som utgjer den store konkurransen, ifølgje Teigene. Konkurransen handlar først og fremst om handel på nettet. Og det i ei tid der marginane i den bransjen Elkjøp opererer i stadig vert tøffare.

– Prisane i kjedene er med få unntak like over heile landet. Og bortsett frå Amazon, som no kjem nærare oss med varehus, er ikkje konkurransen mellom butikkane den største utfordringa. Når nettsalet aukar må vi vere endå meir skjerpa. Vi må blodtrimme maskineriet vårt og snu kvar ein stein for å få ned kostnadene, fortel Teigene.

I kampen mot netthandelen peikar han på at butikkane i endå større grad må ha auka sørvisgrad overfor kundane, og gi gode kundefordelar, som at ein kunde kan teste ein vare i femti dagar heime, og levere den tilbake til butikken viss han ikkje er nøgd, seier Teigene.

Han meiner Elkjøp i dag har nokre av dei beste kundefordelane i bransjen.

– Likevel må vi heile tida vere skjerpa, og etablere endå betre tilbod som gjer at kundane handlar hos oss, reflekterer Teigene.

Dei seks Elkjøp-butikkane HG Handel har hand om har 140 tilsette. Det er ingen planar om å redusere talet.

– Snarare tvert imot. Men som sagt: ting endrar seg fort i bransjen. No er vi veldig spente på effekten av dei endringane vi har gjort, men vi har tru på at vi skal klare å skape eit fornuftig resultat, og at vi skal kunne halde oppe salsvolumet, seier dagleg leiar Ingar Teigene i HG Handel.

Satsar: Dagleg leiar Ingar Teigene er spent på salet for 2018 i Ørsta og Volda. Foto: Roy-Arne Folkestad
Hovdebygda: Det er skrive ny langtids leigekontrakt for Elkjøp-butikken i Hovdebygda. Drifta av denne butikken, og Elkjøp i Furene, går godt, ifølgje Ingar Teigene. Foto: Roy-Arne Folkestad