Den største snømannen til no, som eigentleg var ei snødame, vart laga i Maine (USA) i 2008 og vart målt til 37,21 m, og fekk namnet Olympia. Det vart arbeidd med figuren i to månader og heise-kraner gav nyttig hjelp.

Snømannen er ein menneskeliknande skulptur eller figur laga av snø. Som oftast er det born som lagar snømenn i leik med snøen, og gjerne slik at det skjer når den første snøen kjem.

Snømannen finst i ulike utformingar, men til vanleg ved at store snøballar eller kuler av kramsnø vert sett oppå kvarandre som kropp og hovud. Nokre vert klatta på for å få meir naturlege former. Det er uråd å laga snømann i nysnø i 15 kuldegrader. Berre prøv.

For å lage menneskeliknande andletstrekk vert det gjerne brukt steinar eller store knappar til auge og munn og ofte gulrot til nase. Snømannen kan få kvistar til hår eller armar, og kanskje vert ein gammal frakk, ein hatt, ei strikkahue, eit fargerikt skjerf eller andre plagg viktig utklednad. Tilsvarande vert det markert når ei snødame er målet for figurskapinga. Å ha noko i hendene er også stas, – ein kost, ein gammal paraply eller eit julenek.

Nokre gjer seg så mykje flid at figuren kan vurderast som eit mellombels kunstverk. Snømannen kryssar landegrensene. Formgjevinga kan vere ulik andre stader i verda. I nokre høve vert det laga isskulpturar, men då kan det vere profesjonelle utøvarar som står bak. I Sapporo har det vore snøfestival sidan 1949, og snøskulpturfestivalar finst også i Kina.

Den eldste snømannen i soga er ifølgje kjeldene brukt som illustrasjon i ei katolsk bønebok frå 1380. Dette var nok ei sær-hending, for det ser ikkje ut til at snømenn vart vanlege før på 1700- og 1800-talet. Ei nederlandsk bok frå 1772 har 24 bilete av snøfigurar. Første gong ein snømann var på omslaget av eit magasin var i 1852. Den danske eventyrdiktaren H. C. Andersen kom med forteljinga Sneemanden i 1861. I USA vart den kjende songen Frosty the Snowman, i Noreg kjend som Snømannen Kalle, spela inn for første gong i 1950, og har sidan vore ein julesong. I fleire land har snømenn vore viktige heltefigurar i barnefilmar og teikneseriar.

I Noreg har levande snømenn mellom anna vore med i Frithjof Sælen si anti-nazistiske barnebok Tre kalde karer frå 1942. Boka handlar om snømennene Trommelom, Snømann Tømann og Knirk som spreier kulde i verda. Dei symboliserte aksemaktene Tyskland, Italia og Japan, medan sola representerte dei allierte. Alf Prøysen si enkle barnevise Bustebartepinn handlar også om ein snømann. Snømannen (2007) er Jo Nesbø sin sjuande roman om politiførstebetjent Harry Hole.

Snømannen finst ikkje i folketru, segner eller gamle eventyr. Det er som barnevenleg framtoning og symbol for vinter og snø at snømannen har ei kjær rolle år etter år.

Ikkje minst på gilde julekort, - slik som her, henta frå samlinga til Jostein O. Mo.