Amfi Ørsta søkjer etter ny senterleiar.

- Ynskjer du å vere med på å vidareutvikle kjøpesenteret vårt? Den dyktige senterleiaren vår blir pensjonist i løpet av forsommaren og vi søker etterfølgaren hans – ein engasjert senterleiar til AMFI Ørsta, står det i stillingsannonsen frå Olav Thon Gruppen.

Peder Lid har vore senterleiar ved Amfi Ørsta sidan opninga i 2006.

Peder Lid har vore senterleiar for Amfi Ørsta sidan oppstarten i 2006. Foto: Janne-Marit Myklebust

Senterleiaren har det overordna ansvaret for drifta og utviklinga av kjøpesenteret. Senterleiaren har også personalansvar for to medarbeidarar.

- Kjøpesenteret opna i 2006 og vart vidare utbygd alt i 2012. AMFI Ørsta er det største kjøpesenteret i regionen, har ein god butikkmiks og er ein levande handelsstad lokalt. I 2017 omsette dei 31 butikkane på senteret for 386 mill, står det i stillingsannonsen.

- Dette er ei spennande og utfordrande stilling i eit hyggeleg og hektisk arbeidsmiljø.