– Vi hadde ikkje satsa så mykje pengar og arbeid viss vi ikkje hadde god tru på å vinne fram, seier reiar Per Sævik til avisa Nett.no.

Hurtigruten AS stadfesta førre veka at dei hadde lagt inn anbod på kystruta Bergen–Kirkenes. No gjer altså Sævik det same og han er ikkje redd for konkurranse.

– Hurtigruten har ein fordel ved at dei kan tilby eldre og rimelegare skip. Samstundes vil nok vi skåre høgt på miljø, som det blir lagt stor vekt på, seier Sævik.

Sævik fryktar ikkje at Hurtigruten og Havila vil øydeleggje for kvarandre.

– Det er slik at vi pliktar å samarbeide om eit ruteopplegg dersom kontraktane vert fordelte på meir enn ein aktør, seier han.

Det er Havila Management som vil få ansvaret for dei rundt 300 tilsette på dei fire skipa, dersom Havila Kystruten vinn fram.