Måndag lanserte Fjord1 ein ny mobilapplikasjon.

– Mobilappen vil bidra til å gjere det lettare å planlegge ei reise med Fjord1, i tillegg til at den byr på ein del etterspurde forbetringar samanlikna med tidlegare app, heiter det i ei pressemelding.

Ifølgje selskapet har dei teke utgangspunkt i behovet til kundane i utviklinga.

– Hovudmålet med den nye appen er å gjere det lett og raskt for alle våre kundar å finne tilpassa relevant informasjon. Vi har produsert appen på brukarane sine premiss og fokuserer difor på å gje tydeleg informasjon om avgangar, trafikkmeldingar, billettprisar og generell informasjon, seier IT-leiar Børge Nordal.

Applikasjonen vil bli vidareutvikla i framtida i takt med kundane sine bruksmønster og behov.

– Vi ønskjer å inkludere brukarane i utviklingsprosessen, slik at vi saman kjem fram til dei beste løysingane for kundane, seier Nordal.