Richard Hill tek nokre erfarne fråspark på si heimelaga skøytebane utanfor huset på Rekkedal. Capen er på, hendene i lomma. Seige fråspark. Stødig. Rundt han yrer det av unge håpefulle – nokre med skøyter på beina for første gong i livet. Knall og fall. Prøver igjen. Ikkje lenge etter suser dei av garde i hælane på Richard. Ryktet har spreidd seg om den canadiske kvalitetsisen på Rekkedal som breier seg over 16x9 meter rett utanfor stovedøra til ekteparet Richard og Synnøve Rekkedal Hill.

Richard Hill der han likar seg best: På glattisen med skøyter på beina. Foto: Janne-Marit Myklebust

Kunstløp og ishockey

Richard Hill kjem frå den vesle byen Nipawin i Saskatchewan i Canada. Om nordmenn er fødde med ski på beina, så er Richard Hill fødd med skøyter på beina. Som ung konkurrerte han i kunstløp saman med systera. Ishockey var like naturleg for han som fjellturar er for nordmenn. Han spelte heilt opp til NHL-nivå.

Så kom Synnøve og fekk han med heim til Rekkedal. Der var det dårleg med skøyteis. Så kvart år, sidan 1978 har han laga sin eigen, rett utanfor stovedøra. I år er isen større enn nokon gong. Eit nytt areal er laga til, med eitt mål for auget: å få tilfredsstilt behovet for å gå på skøyter.

– Sesongane varierer, men eg har hatt is kvart einaste år. Nokre gonger så lite som i tre dagar, andre gonger har sesongen vart frå november til midten av mars. Det handlar om å lage ein god sole. Då kan isen halde lenge – også i plussgrader.

Kanskje går det mot rekordsesong no. Isen har vore på plass sidan før jul, og Richard steller isen som om det var ein dyrebar skatt. Vatning og moking – og med ein heimelaga zamboni – laga av hageslange, ein planke og eit handkle, spreier han vatnet utover i eit syltynt såpeglatt lag. Her skal det ikkje vere unødige humpar å forsere. Det er eit eige fag som Richard meistrar til det fulle – betre enn den gjengse ørsting i alle fall.

Ismeisteren: Richard Hill har vakse opp med skøyter på beina. Sidan han flytta til Rekkedal i 1978, har han laga isbane utanfor huset kvart einaste år.

Deler gjerne på isen

Ishockeykøller, pøkkar og eit lite mål er sjølvsagt på plass. Og ryktet har gjort jobben sin. Etterspurnaden etter å få besøke isen er stor, og Richard og Synnøve er ikkje dei som seier nei.

– Det er berre kjekt å kunne dele. Når han brukar så mange timar på å halde isen ved like, så vil det vere dumt om ikkje andre også får ein liten smakebit, seier Synnøve.

Ho likar seg best på sidelinja.

Mat: – Nokon må stå for maten og vere publikum også, seier Synnøve Rekkedal Hill, som stiller bålpanna til disposisjon til gjestene. Men skøyter på beina vil ho helst ikkje ha.

– Eg fekk meg skøyter i femtiårsgåve, og eg prøvde litt, men etter ein tur til Canada tok eg skrekken. Der var isen så ufatteleg glatt. Sidan har skøytene lege der. Men eg bruker å seie til Richard at nokon må vere publikum også, seier ho og ler.

Ho held kontrollen på sidelinja. Fyrer opp bålpanna og byd gjestene på varme pølser. Det yrer av liv på Rekkedal.

– Vi er heldige. Det er eit kjempetilbod, og ungane stortrivst. Her får vi boltre oss på trygg og god is, seier Gunnhild Hustadnes Myrhol, som har teke med seg ungane Kristoffer og Peder på glattisen.

– Det er kjekt at dei vil dele på isen. Det er jo ikkje så ofte vi får stått på skøyter her, seier Goro Gransletten, som også har teke med seg sine tre barn til Rekkedal.

For Richard er motivasjonen for den store jobben med å lage skøyteis enkel: – Eg elskar å gå på skøyter!

Han fortel at heime i Canada som gut, var dei raskt ute med å trakke og flate ut snøen med ein gong det første snøfallet kom.

– Vi hadde ikkje vatn i springen på den tida, så vi kokte snø for å få vatn til å lage is.

Trikset for å få god is er å jobbe hardt og trutt. Når dei første kuldegradene kjem snikande, set Richard i gang med arbeidet. No har han seks cm is på det tjukkaste. Når han 8 cm kan isen halde i fleire månader.

– Men det er aldri godt nok, humrar han.

– Men det er kjekt. Eg likar å ha folk rundt meg, så det er fint at så mange vil kome og prøve skøyter.

Mathilde Follestad har flata ut på isen.

– Det er tungt! seier ho.

– Eg går mest på ski, men det er kjekt å prøve skøyter. Det er første gong eg prøver på lenge, så det var litt vanskeleg i starten, men etter ei lita stund så går det mykje betre.

Runa Follestad og Andrine Solvåg med store smil, peparkaker og skøyter på beina. - Kjempegøy, seier dei om visitten på isen til Richard Hill. Foto: Janne-Marit Myklebust

Andrine Solvåg og Runa Follestad susar rundt på isen som om dei aldri har gjort anna. I handa har dei ei boks peparkaker. Det er god stemning.

– Det er kjempegøy, seier dei, med breie smil.

– Det er tryggare å gå på skøyter enn å gå på ski, meiner Richard Hill.

– Nordmenn er litt galne som legg ut på toppturar i dei bratte fjellsidene. Dette er mykje tryggare, humrar han.

Om fleire ønskjer å prøve isen, tek ekteparet gjerne i mot besøk.

– Det er berre å sende oss ei melding og høyre om vi er heime, oppmodar Synnøve.

Wilhelm Storebø fann det tryggast å lene seg på ei kanne dei første rundene på isen, men så suste han stødig av garde på eiga hand. Foto: Janne-Marit Myklebust