Ein døyr berre ein gong, men ein lever kvar dag. No har eg funne mi livsoppgåve, smiler 35-åringen. Ho har parkert lærarjobben i grunnskulen, og har teke steget inn i Nupen KostogHelse, eit firma ho etablerte i fjor haust. Og no handlar mykje av dagane til Nupen om å hjelpe og rettleie folk til å sjå verdien av å ete sunnare og på rett måte, og få folk til å legge om livsstilen gjennom ulike grep.

Satsar: Ingeborg Tusvik Nupen har parkert lærarjobben i grunnskulen og satsar for fullt på Nupen KostogHelse.

– Det er svært kjekt og motiverande å oppleve at folk får ein betre kvardag ved å gjere enkle grep innan kosthald, supplert med å vere aktiv. Det vi et fungerer ofte som kroppen sin medisin. Og det viktige er at kroppen får den medisinen han ønskjer. Då vert kroppen glad! Ja, rett kost kan gjere underverk for helsa, erfarer Nupen entusiastisk.

Instruktør

Ho har i mange år vore instruktør for treningssenteret Topp Trening. Det er ho framleis. Men i tillegg jobbar ho med å gi råd og rettleiing til folk om å bruke kost og kosttilskot for å rette ubalansar i kroppen. Det er dei som kan lage krøll i systemet, slik at ein ikkje føler seg bra.

Spinning: Ingeborg har i ei årrekkje vore instruktør på Topp Trening. Her er det elevar frå Ørsta ungdomsskule som har spinningtime med henne. (arkiv).

Ingeborg Tusvik Nupen er utdanna kosthaldsrettleiar ved Tunsberg Medisinske skole. No går ho vidare, og tek toårig deltidsutdanning som ernæringsterapeut på den same skulen.

Det er ei motivert og engasjert ung kvinne som brenn for å hjelpe folk til ein betre kvardag. Førebels er jobben hennar på deltid i lokala til Stamina Helse, men målet er fulltidsjobb. Ingeborg likar godt å jobbe med menneske, og å motivere og gi råd.

Innfallsvinklar

Kundane hennar er i hovudsak i alderen frå midten av tjueåra til femtiårsalderen. Men også yngre og eldre. Kundane har fleire innfallsvinklar for å oppsøkje Nupen KostogHelse som gir individuelle råd.

– For mange handlar det om å gå ned i vekt. Då gir eg råd om kva dei bør ete, og kor ofte. Mange har høyrt at dei bør ete protein, grove kornvarer og brød, litt poteter, fersk frukt og fargerike grønsaker, olivenolje, nøtter, belgfrukter og sunt feitt. Likevel er det ikkje alltid lett å endre innarbeidde uvanar, seier Ingeborg.

Ho utfører også kroppsanalyse der kunden raskt får vite fordelinga mellom feitt og muskulatur i kroppen.

– Dette kan virke motiverande, og mange føler dei kan nå måla sine betre ved å vite dette. Andre kan ha dårleg fordøying og ønskjer ei korrigering på måltida slik at tarmen får det betre.

Ho opplever at det har god effekt når kundane vert følgde opp gjennom fleire samtalar.

– Det er også slik at mange rett og slett har stort behov for å snakke med andre. Dette åleine kan også ha positiv effekt for å endre livsstil og vanar.

Nupen meiner det er viktig å ikkje skunde seg for raskt, men å ta små steg av gongen. Å ha tolmod høyrer med.

– Å gå svært hardt ut i januar med store treningsmengder kan føre til at ein raskt rasar ned i vekt. Andre opplever stor svolt, og får ikkje ønska resultat frå trening og kosthald. Det viktige er å snu uvanane så komfortabelt og mjukt at ein klarer å halde på dei nye vanane, den nye livsstilen og dagane med ein lettare kropp for dei som har dette behovet. Og ikkje gløym: Det er aldri for seint å endre livsstil!

Sunn mat: – Ein perfekt lunsj, meiner Ingeborg Tusvik Nupen som serverer kokte egg, tomatar, grønt, fetaost og avokado. . Foto: Privat

Nupen synest det er givande å oppleve at kundane kjem tilbake og fortel om resultat, og at dei har fått det betre i kvardagen.

Nupen har, då ho var lærar og pendla, sjølv kjent på kroppen kva tidsklemma og stressande kvardagar kan føre til.

– Stress og jag kan gjere at mange vert fanga inn i ein negativ sirkel der dei ikkje har tid til å ete skikkeleg og å lage skikkeleg mat. Og mangel på tid kan gjere at mange vel dei lettvinte løysingane. Men planlegg ein betre kva som skal stå i kjøleskapet, er det enklare å lage maten frå botnen. Og det treng ikkje ta så lang tid heller viss ein bur seg.

Nupen har eit heilskapleg fokus på kundane, der målet ikkje berre er ei fysisk betre helse, men også psykisk. Ho inviterer kundane til å skrive matdagbok. På den måten ser ho kunden sitt matmønster.

35-åringen registrerer at vi lever i ei tid der fasadane skal glitre på sosiale media, og alle skal vere perfekte. Dette meiner ho er ein uting.

Vellykka

– Folk samanliknar seg ofte med andre, og det kan vere demotiverande å sjå alle innlegga der alt ser så bra og vellykka ut, sjølv om realiteten nok ikkje alltid er slik. Sosiale media har stor makt, og folk måler seg opp mot andre. Eg ivrar for at folk skal konkurrere med seg sjølve, og ingen andre, på vegen mot ein sunnare og betre kvardag. Då er det berre å late att auga for det «perfekte» på sosiale media. Konsentrer deg om deg sjølv. Kva kan du gjere for å ha det godt med deg sjølv? Det er vegen å gå, oppmodar kosthaldsrettleiaren.

Ho meiner foreldre har eit ansvar overfor borna sine ved å lære dei å vere seg sjølve, og ikkje ein kopi av det tilsynelatande perfekte.

– Foreldre bør motivere borna til å forstå at det er meir enn godt nok å vere seg sjølv.

Sjølv om tobarnsmora, som er gift og busett i Hovdebygda, har stor fokus på kosthald og trening, så er ho likevel ingen nerd som aldri unner seg snop.

– Eg skeiar sjølvsagt ut eg også, det trur eg vi alle gjer inn i mellom. Eg et mørk sjokolade kvar dag. Og anten fredag eller laurdag kan eg smake både potetgull og smågodt. Men alt med måte, smiler Ingeborg Tusvik Nupen.