– Sjølv om Ørsta kan få fylkeskommunalt tilskot til næringsfond ved ei eventuell grensejustering, vil næringsfondet ikkje lenger kunne klare å sikre drifta av skyssbåten. Finansiering ved å ta frå rammene til tenesteytinga elles er neppe realistisk, heiter det i den administrative vurderinga av konsekvensane av ei grensejustering for Viddal og Bjørke.

Dette faktagrunnlaget er sendt til fylkesmannen, og vil vere med i vurderinga når han skal kome med si tilråding overfor Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ei eventuell grensejustering.

Næringsfond

Ørsta kommune viser til at utgiftene til drifta av skyssbåten er delt mellom Ørsta kommune og fylkeskommunen. Sjølve tenesta vert utført av Christian Gaard Bygdetun AS.

– Gjeldande avtale er inngått juni 2017 og gjeld fram til 31. desember 2019, med opsjon på ytterlegare to år. Skyssbåten har ein viktig funksjon i Hjørundfjorden. I tillegg til å vere det samferdslemessige limet mellom bygdene i fjorden, spelar den ei stor rolle for den veksande reiselivssatsinga i området. Ørsta kommune finansierer sin del av kostnadane med bruk av næringsfond, som igjen er finansiert av inntektene frå konsesjonskrafta. Ein stor del av desse inntektene kjem frå Bjørke, heiter det frå rådmannen.

Ho viser til at det er budsjettert med 1,45 millionar kroner i årlege utgifter til skyssbåten frå og med 2017 til og med 2019.

I faktagrunnlaget viser rådmannen til at Ørsta får vesentlege inntekter frå Bjørkeområdet gjennom konsesjonsavgift, sal av konsesjonskraft, eigedomsskatt og naturressursskatt. For 2017 vil desse inntektene samla liggje på åtte millionar kroner. Inntektene kan variere frå år til år, særleg grunna sal av konsesjonskraft, som er ei variabel inntekt, avhengig av prisen i marknaden.

I tillegg kjem inntektene gjennom statlege overføringar knytt til innbyggjartalet. I 2017 var desse inntektene på fire millionar kroner. Dette gjer at rådmannen kalkulerer med eit årleg tap på om lag tolv millionar kroner dersom Bjørke/Viddal går til nye Volda kommune.

Krev erstatning

Difor gjer rådmannen det også klart at kommunen reknar med at inndelingslova sine reglar vil gjelde. Desse omhandlar mellom anna kompensasjon.

–Dette gjeld både for reglar om økonomisk oppgjer mellom kommunene og reglane om erstatning dersom ei kommune vert vesentleg svekka økonomisk ved ei grensejustering. kommenterer rådmannen.

Frykt: Rådmann Wenche Solheim ser ikkje at kommunen kan finansiere skyssbåt på Hjørundfjorden om grunnlaget for næringsfondet forsvinn. Foto: Rune Sæbønes