Kommunestyret vedtok torsdag at det skal startast eit utgreiingsarbeid for å finne ut kva som er beste løysinga for Sæbø skule. Det skal brukast inntil 500.000 kroner til føremålet. Vedtaket kom etter at Kristiansen overfor kommunestyret forklarte kva utfordringar Ørsta kommune som skuleeigar står overfor på Sæbø.

– Vi har frå før tilstandsrapporten til skulen, tilsynsrapportar som fortel særleg om to problem, at taket lek og at det ikkje er ventilasjon i den eine delen av ungdomsskulebygningen. Vidare ei skrefarevurdering som gjev bygningsmessige utfordringar. Og i dag (torsdag) fekk eg presentert ein brannteknisk rapport. Han fortel at takkonstruksjonen på ungdomsskulebygningen er brannfremjande viss det skulle oppstå brann, forklarte Kristiansen.

Overfør Møre-Nytt utdjupar han problemstillingane.

– Eg skjønar dei som seier at vi fyrst og fremst skal tette taket, og få inn ny ventilasjon. Men spesielt med den branntekniske rapporten, får vi store utfordringar på kostnadssida. Det handlar ikkje lenger berre om å tette taket, men leggje ein heilt ny takkonstruksjon som stettar branntekniske krav. Ein moderne takkonstruksjon skal vere brannhindrande, ikkje brannfremjande, forklarar Kristiansen.

Difor trur han at det komande utgreiingsarbeidet vil syne at den totalt sett billegaste løysinga for kommunen er å byggje ein ny skule. Det vil vere ein skule som er tilpassa det elevtalet som er på Sæbø skule. Vidare at det vert vedteke ei flytting av barnehagen frå Sandvika til skuleområdet. Samla sett vil det gje lægre årlege kostnader for kommunen enn dei kostnadene kommunen vil få med ei omfattande renovering og med å ha skule og barnehage på kvar sine område, slik som no.

– Eg trur Sæbø har ein ny og moderne skule på plass i løpet av 2021, seier Kristiansen.

I kommunestyredebatten var det dei som meinte ei renovering ville vere det rette. Og fleire var skeptiske til å flytte barnehagen.

Men etter at Kristiansen hadde hatt si utgreiing, vart det samrøystes vedteke å starte eit utgreiingsarbeid for å avklare kva som skal skje med skulen på Sæbø.