Vegbyggaren framføre nokon, Kjell Arne Aurstad er ikkje nøgd med løysinga for rundkøyringane ved sjukehuset og i Furene som vil kome når Voldatunnelen skal byggast.

– Her vil lokaltrafikken og gjennomgangstrafikken møte kvarandre. Kva skjer då? Jau, trafikken vil stå i stampe, seier styreformannen i entreprenørverksemda Aurstad.

Det er ikkje få vegar selskapet har vore med på å bygge. Det største prosjektet stod ferdig i desember i fjor, E6 på strekninga Frya-Sjoa. Her vart det bygd ny veg. Den gamle Europavegen vert i dag nytta til lokalveg.

– Når dei først har sjansen til å bygge skikkeleg, ja så må dei gripe den sjansen. Her kan vi få ei rundkøyring der gjennomgangstrafikken vert ført under bakkenivå, og lokaltrafikken kan gå oppå. Teikningane som ligg føre ser kanskje fine ut på papiret, men i realiteten vil dette vere ein garanti for å skape trafikkork. Der er mykje trafikk både i Sjukehuskrysset og i Furene. Mykje av det er lokaltrafikk. Vi kjem til å stå fast i Furene og i Volda når dette vert realisert, er spådomen til Aurstad.

I planutkastet frå Statens vegvesen som var til høyring tidlegare i haust står det at det var vurdert ei såkalla seinka løysing der trafikken til og frå Volda sentrum er ført over rundkøyringa i bru.

– Alternativet er forkasta, grunngjeve med at rampane frå rundkøyringa opp mot kryssområdet ved Heltnevegen vert for korte til å få til ei forsvarleg fletting av trafikken. Løysinga er også veldig kompliserande for dei mjuke trafikantane med fleire bruer over kryssområdet, står det i planen.

Aurstad er ikkje samd.

– Sjå kva dei har fått til i Bergen, med den betongkulverten som er der. Dette vil halde dei 20–30 første åra. Eg meiner det er mogleg. Og vi treng ikkje sjå lenger enn til Ålesund, og avkøyringa dei har der til tunnelane ut mot Vigra. Det treng ikkje vere større enn dette. Vi må lære av andre. Dette er ikkje nye tankar. Det er ikkje noko nytt vi skal finne opp. Vi må sjå kva som fungerer andre stader.

Voldatunnelen omfattar ny E39 mellom Volda og Furene. Strekninga er i dag om lag 6,5 kilometer lang. Planområdet strekk seg frå Volda, like sør for sjukehuskrysset, og endar nord i Furene, ved krysset mellom fv. 653 og E39. Strekninga er om lag 3.500 meter.

Årsdøgntrafikken (ÅDT) på E39 gjennom planområdet i Volda er ved inngangen til 2017 registrert til om lag 2.800 køyretøy per døgn sørover på Austefjordvegen frå Sjukehuskrysset, medan det for E39 mellom Sjukehuskrysset og Volda sentrum er registrert 9.000 køyretøy per døgn. På Vikebygdvegen er ÅDT om lag 5.800 fram til avkøyring til Heltnevegen. På strekninga mellom Volda sentrum og rundkøyringa i Furene er det i dag ein trafikkmengd på 9.500 per døgn, medan det er om lag 9.300 på strekninga frå rundkøyringa til Flyplasskrysset. Gjennom Morkaåstunnelen nord for rundkøyringa er trafikken på nærare 3.000 køyretøy i døgnet (kjelde: Nasjonal vegdatabank). Det er med andre ord ein heil del bilar og andre motorvogner som skal slusast gjennom dei to nye rundkøyringane.

– Dette vert ein flaskehals, held Kjell Arne Aurstad fram.

– Kvifor skal E39 vere planfri alle andre stader enn i Ørsta og Volda, når vi veit at trafikken her berre vil halde fram med å auke i åra framover.

Det har ikkje lykkast Møre-Nytt å kome i kontakt med sakshandsamaren i Statens vegvesen.

Feil vegval: Kjell Arne Aurstad meiner løysinga for rundkøyring når Voldatunnelen står klar, vil skape trafikkork både i Sjukehus- krysset og i Furene. Foto: Janne-Marit Myklebust