Frode Alnæs (58) er ein av dei beste gitaristane i Noreg. No treng han hjelp til å finne den rette til å vere med opp på scena.

– Når vi no reiser landet rundt med framsyninga «Min dans med strenger», ønskjer vi å treffe lokale gitaristar. Så på kvar stad inviterer vi ein lokal gjestegitarist, ung eller gamal, opp på scena for å spele ein låt med oss. Det skal bli utruleg artig, seier Alnæs i ei pressemelding.

– Gler meg

Ideen er at den lokale gitaristen skal vere med Frode og bandet og spele ein av gitarklassikarane frå musikkhistoria. Dei som føler seg kalla eller kjenner nokon som kanskje ikkje tør å melde seg sjølv, kan ta kontakt med arrangør Janne M.G. Skarstein ved Ørsta kulturhus.

– Det vert moro å kome til Ørsta igjen. Eg hugsar godt sist eg var i kulturhuset. Det var med framsyninga «Let it Rock» i regi av Rikskonsertene og Riksteateret. Ivar Tindberg hadde regi på den framsyninga, og han har det også på «Min dans med strenger», så det er berre å glede seg, seier Alnæs.

Gitaren i sentrum

Alnæs si nye framsyning er ei konsertframsyning med gitaren i sentrum. Publikum får servert både nye låtar, musikkhistoria sine mest kjente gitarlåtar, og ikkje minst hits frå Frode Alnæs si solokarriere og frå Dance With A Stranger.

«Min dans med strenger» handlar om gitaren som ven, trøyst, gledesspreiar, reisefølge og kunstnerisk uttrykk. Framsyninga handlar om eit livslangt venskap med instrumentet som trøysta då håret fall av som 11-åring, om det å vere annleis, til det å slå gjennom som musikar og bli ein berømt gitaris, artist og komponist.

– Eg skjulte meg jo med parykk i 16 år. Det er klart det har prega livet mitt å ikkje stå fram som den eg var. I tillegg til all humoren og latteren i førestillinga ønskjer eg å fortelje ei historie om det å vere annleis, men å snu det til ein styrke, seier Alnæs.

Stjernelag på scena

«Min dans med strenger» vert produsert av Alnæs sitt eige selskap Frog Music As. Ivar Tindberg har regi og Alnæs er musikalsk ansvarleg. Med seg på scena har han Morten Huuse (kapellmeister/tangentar), Knerten Kamfjord (bass), og Thomas Gallatin (trommer). Kjetil Sandnes og Henrik Langerød vil alternere/vikariere på høvesvis bass og trommer.