Debatten om drift av Ørstahallen i kommunestyret torsdag handla mykje om punktet knytt til dagleg leiar. I tilrådinga som låg føre for politikarane skulle dagleg leiar for frivilligsentralen får ansvar for å koordinere aktivitet og drift, irekna utleige og oppfølging av økonomien. Den nye stillinga skulle vere operativ frå 1. 1. 2018.

– Dette er ei stor og viktig sak for Ørsta, og det er viktig å halde tunge beint i munnen. Vi i Frp, og vi har fått støtte frå fleire, meiner at stillinga må lysast ut. Den viktigaste jobben ein dagleg leiar kan gjere for hallen er å få inn pengar. Det må utarbeidast ein stillingsinnstruks som bakgrunn for stillingsutlysinga, sa Magne Jonny Krumsvik (Frp).

Krumsvik fekk støtte frå fleire frå talarstolen. Paul Kristian Hovden (KrF) var kritisk til å svekke frivilligsentralen.

– Eg syns det er ei utarming av ei satsing som har vist seg å vere eit veldig positivt tilbod. Vi treng slike tilbod i Ørsta, sa Hovden som og la fram forslag om at dagleg leiar for Ørstahallen måtte få budsjettdekning og plassering i organisasjonskartet til Ørsta kommune på vanleg måte.

Inger Sandvik Sundnes (H) understreka at valet av rett driftsmodell er ein nøkkel for å lukkast best mogleg med å få mykje og allsidig aktivitet i hallen.

– Rapporten som ligg til grunn for valet av driftsmodell er komplisert. Denne rapporten skal få oss politikarar til å bestemme kva modell hallen skal drivast etter. Rett modell og rett person er heilt avgjerande for å lukkast med prosjektet. Så er det og ei sanning at vi må lukkast med dette prosjektet.

Rådmann Wenche Solheim understreka at ho meinte det var feil å opprette ei heilt ny stilling når andre i kommunen vert sagt opp.

– Viss kommunestyret vil ha ein annan dagleg leiar så må vi ha ein annan driftsmodell. Då bør det setjast ned ei politisk nemnd der driftsmodellen vert sett på. Då blir det ei anna sak.

Ordførar Stein Aam kom med utsetjingsframlegg i saka, men dette vart trekt. Mot tre stemmer gjekk kommunestyret inn for å greie ut ein driftsmodell for Ørstahallen. Kommunestyret skal handsame saka innan utgangen av møtet i februar. I nemnda som skal arbeide med driftsmodell sitt Stein Aam, Karen Høydal, Inger Sandvik Sundnes, Gunnar Knutsen og Odd Magne Vinjevoll.

Ville lyse ut stillinga: Magne Jonny Krumsvik (Frp) tok til ordet for å lyse ut stillinga som dagleg leiar i Ørstahallen, og fekk støtte frå fleire. Foto: Joachim Åsebø