– Snøskuter!

Glade born i tolmodig rekke, ventar på marka nedom Krokedalen barnehage i Engesetvegen. Midt på marka står ein stor snøskuter. Dei har ei aning om kva som er i vente. Nokre er litt skeptiske, men jamt over er entusiasmen upåklageleg. Det er ikkje kvardagskost å skulle få køyre skuter.

– Men eg har gjort det før altså, kan Eirik Marøy fortelje.

For Tarjei Engeset var det første gongen. Eit stort smil fortel om stor suksess.

Kvart år held barnehagen besteforeldrekafé, og dei som vil kan bidra med ein symbolsk sum som barnehagen donerer til gode føremål. I fjor gav dei pengar til Unicef.

– I år tenkte vi at det ville vere kjekt å gi til nokon lokale som vi veit står på for andre. Så valet var enkelt: Det vart Ørsta Røde Kors, fortel Maria Frøland Ryste frå Krokedalen barnehage.

Litt over 4.000 kroner er sett inn på konto til Røde Kors.

– Vi set stor pris på gåva. Det er kjekt at dei valte oss. Alle monner drar, og pengane går til gode føremål, sommar som vinter. Det kjem godt med, seier Kjell-Martin Standal frå Ørsta Røde Kors.

Saman med Øyvind Snipsøyr og Geir Børge Helset tok dei seg tid ein times tid i førjulsstria for å vise takksemd til borna. Gneistrande kuldegrader og 20 cm med nysnø gav perfekte forhold for ein skutertur på marka for dei som ville.

– Røde Kors gjer ein fantastisk jobb her i bygda, både med tanke på innsatsen dei gjer på Bondalseidet og i fjella no vinterstid, og elles i samfunnet. Vi treng dei veldig! Og då er det ekstra stas for borna også å kunne seie at dei har bidrege til at dei kan halde fram med den gode jobben, seier Frøland Ryste.

Tøffingar: Med Røde Kors-maskoten Henry i front, Tarjei Engeset, Ella Heggedal Skare, Eirik Marøy og Lilly Martine Hjorthaug på snøskuter. Foto: Janne-Marit Myklebust