– Dei står på, på ei tid der vi andre kanskje har lagt oss. Med mindre vi har ski på beina då, sa omitéleiar Frida Sortehaug (V), før ho delte ut frivilligprisen til Øyvind Flåskjer, Kristian Woldseth og Ole-Martin Iversen.

Glad når det kjem masse folk

Sortehaug understreka kor viktig frivillig innsats er for at lokalsamfunnet skal gå rundt.

– Vi vil takke for at folk ser den innsatsen vi legg ned. Eg håpar vi med dette kan inspirere andre, sa Kristian Woldseth frå talarstolen.

Han fekk, delvis ufrivillig, tildelt rolla med å takke for frivilligprisen av dei to andre gutane.

Krevjande dagar

– Når det plutseleg snør nok, og det kjem masse folk – det er det beste med denne dugnadsjobben, seier Øyvind Flåskjer til Møre-Nytt.

På spørsmål om kva som er den lengste arbeidsdagen dei har hatt, er ikkje Flåskjer i tvil:

– Det var ein gong eg først køyrte trakkemaskin heile kvelden, før vi plutseleg fekk problem med heisen. Vi måtte jobbe i eit døgn den gongen, fortel han.

– Vi køyrte til Utvik for å få tak i ein naudsynt del, legg Woldseth til.

Dei var då så slitne at dei måtte stoppe og sove i bilen på veg heim at.

Lang fartstid

Flåskjær har bidrege til at Volda skisenter går rundt sidan han var seks år, noko som gjer at 22-åringen står med inkje mindre enn 16 sesongar i faget.

Dei to andre er ikkje læregutar dei heller, med sine rundt seks sesongar i skisenteret.

– Vi synest det er kjekt, og skal nok ikkje gi oss med det første, seier Woldseth.