Volda-poltikarane er utålmodige etter å få utvikla inderfileten i Volda sentrum, og set deadline for å få til semje med ein viktig huseigar. Riset bak spegelen er ekspropriering- altså tvangskjøp.

–Alle vil vere tente med å få ei snarleg avklaring. Det ligg store mulegheiter for utvikling av sentrum. Realiseringa av planane kan bli det største sentrums og utviklingstiltaket i Volda på kanskje fleire tiår, sa Arild Iversen (KrF) i Volda kommunestyre torsdag.

Tema i budsjettdebatten

Saka vart tema under budsjettdebatten i Volda. Arild Iversen la fram eit forslag til vedtak som opnar for  ekspropriering, slik at det kan bli  noko av planar om nytt forretningsbygg og leilegheiter i området rundt Coop Mega. Kommunen har hatt sonderingar for å få ein grunneigar til å selje,men etter det Møre-Nytt kjenner til er det stor avstand mellom krav og tilbod når det gjeld pris for bygget som Leidulf Langvatn eig.

– Eg oppmodar om ei frivilleg løysing, men er deretter innstilt på ein meir styrt prosess, seier Arild Iversen.

Begeistra Strøm

Forslaget frå Iversen, som også ordførar Jørgen Amdam formelt var med på å fremje, fekk varm mottaking i kommunestyret.

– Vi har vore saman i politikken i mange år. Eg har aldri vore så einig med deg om eit vedtak som er så spenstig, sa Gunnar Strøm (SV) til Arild Iversen, og klarte ikkje å late vere å legge til:

–Og det hadde vore kjekt om vi får til ein skikkeleg kultursal også.

Høgre og Frp med

I Framstegspartiet var det skeptiske røyster, men også dette partiet slutta seg til forslaget. Det same gjorde Høgre.

–Det er umuleg å vere usamd, spesielt når vi veit at investorar står klare til å opne lommeboka. Det er veldig konkrete planar, sa Dan Bjørneset (H).

Det samrøystes vedtaket lyder: "Kommunestyret er kjend med at det over tid har vore arbeidd med utvikling av Megaområdet i Volda sentrum for å legge til rette for utvikling av handel og anna næring i kombinasjon med leilegheiter. Kommunestyret er i utgangspunktet positivt innstilt til ei slik utvikling som vil kunne bety ei vesentleg fornying i Volda sentrum. Partane vert oppmoda om å halde fram arbeidet primært basert på oppnåing av frivillege avtalar. Om det ikkje lukkast i løpet av første halvår 2018, tilrår kommunestyret at det vert starta arbeid med ny reguleringsplan med sikte på ei framtidsretta og heilskapleg løysing."

Utbygging: Går alt etter planen, kan det verte ei stor utbygging i regi av Coop Vest på området der Mega i Volda held til. For å få til dette, må naboeigedomar løysast ut. Foto: Roy-Arne Folkestad