– Dei radioaktive stoffene kan skape kreft i skjoldbrukskjertelen, forklarar kommuneoverlege i Ørsta og Volda, Arne Gotteberg til Møre-Nytt.

Når ein tar uinfisert jod, minskar ein sjansen for at kroppen tar opp jod som er forureina av radioaktivt avfall.  Tablettane bør takast innan fire timar ifrå ei eventuell ulykke er eit faktum.

Skal gi eit betre tilbod i distrikta

Han forklarer at Helsedirektoratet no ønskjer å distribuere jod frå eit sentralt beredskapslager i Oslo ut i distrikta. Det handlar om å gjere tablettane lettare tilgjengelege for folket.

– Eg har tinga tablettar til Volda, og gjer det same for Ørsta i dag, eg måtte ta ein kommune av gangen, fortel Gotteberg.

Illustrasjon.

Beredskapslageret er for sårbare grupper – resten må kjøpe

Det er ikkje nok tablettar til alle, men til dei gruppene Helsedirektoratet tilrår å prioritere: barn og unge under 18 år, og gravide og ammande. Desse har nemleg størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter ha vore utsett for radioaktivt forureining.

«Utover dette blir det at forventa at øvrige kan kjøpe jodtabletter på apotek», står det i en epost frå Gotteberg til helseadministrasjonen i kommunen.

Tablettane vil ligge på helsestasjonane i begge kommunane. Dei skal berre bli nytta i fall ei atomulykke skulle gjere tiltaket naudsynt.

– Det er ikkje noko poeng i å til dømes gi ut tablettar til dei som er gravide no. Det er når det eventuelt skje noko at tablettane skal gis ut, seier kommuneoverlegen.

Alle kommunar har fått tilbod om å få tilsendt jodtablettar.

– Det einaste vi betalar lokalt er frakten frå Oslo, og det er berre snakk om ei eske, seier Gotteberg.

Faren for atomulukke auka i Europa

Helsedirektorat ser på faren for Noreg kan bli råka av ei atomulukke  som noko auka.

«Det skyldes blant annet trafikk av reaktordrevne fartøy langs norskekysten og potensielle utslipp fra kjernekraftverk i Sverige, Storbritannia og andre deler av Europa», skriv Helsedirektoratet i ein e-post som gjekk ut til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 1. desember.

I sommar køyrte verdas eldste atomdrivne ubåt forbi Norskekysten, frå Barentshavet til St. Petersburg.

«Vonar vi aldri får bruk for dette» skriv Gotteberg om jodtablettane, i sin e-post til kommunen.