Det seier lufthamnsjef Sverre Bae ved Ørsta – Volda lufthamn, Hovden.

For nokre år sidan kom det strenge restriksjonar i områda på båe sider av flyplassen. Det vart skjerpa inn kvar og korleis det kunne byggjast.

No er det mykje som tyder på at det vert lempa på restriksjonane.

Bakgrunnen er at det er vedteke eit nytt EU-regelverk om såkalla hinderflater. Følgjene av dette regelverket, som også vil gjelde norske flyplassar, er at det kan verte enklare å få byggjeløyve.

– Vi er no i ferd med å tilpasse oss det nye regelverket. Vi har gjort noko arbeid lokalt, men hovudarbeidet vert gjort sentralt i Avinor for å tilpasse EU-reglane til norske forhold, seier Bae.

Han ser positivt på endringane, og som medfører at det vert enklare andsynes Avinor å få løyve til bygging, både i næringsområdet i Hovdebygda og i bustadområda på andre sida av E39.

– Sjølvsagt må ein halde seg til gjeldande lokale reguleringsplanar, vedtekne i kommunestyra. Men i alle fall kjem dei no ei opning for at fleire bygg kan verte tillatne. Det ser vi positivt på, seier Bae.

Han fortel om eit godt år som snart er unnagjort for flyplassen.

– Ein ting er veksten i passasjertrafikken, men her er også gjort fleire tiltak som er viktig for flyplassen, fortel Bae.

Han peikar på viktige enøktiltak, og som det vert fleire av det komande åra. Då skal vindauga i ekspedisjonsbygningen skiftast ut. Vidare er det innført eit GPS-kontrollsystem over alle signallysa.

– Det vil spare oss for 12.000 køyrekilometer årleg. Det er det vi no brukar for å køyre ut til alle signallys dagleg for å kontrollere dei. Nå får vi eit system der vi kan lese av om lysa fungerer med GPS. og det sparer oss for pengar og tidsbruk, og det er godt for miljøet.

Ørsta – Volda lufthamn, Hovden, har over førti arbeidsplassar, knytt til Avinor, Hovden flyekspedisjon, Securitas, bilutleige og reinhald.

Noko han får mange spørsmål om, er om Widerøe får konkurranse frå Fly Viking.

– Det einaste eg kan seie om at er at Avinor har ei open haldning, og vi meiner konkurranse er sunt, seier Bae.

godt år: Lufthamnsjef Sverre Bae ser positivt på året som har vore for Ørsta – Volda lufthamn. Foto: Janne-Marit Myklebust