Sunnmørsposten. smp.no. Tor Hallaråker var innkalla som vitne i ei rettssak som gjeld tiltale om grov økonomisk utruskap.  Påtalemakta meiner at styreleiaren i ei entreprenørbedrift og eigedomsselskap i Innherred tappa selskapa for til saman 47,9 millionar kroner.

Pengane skal ha blitt overført som lån til Tor Hallaråker og forretningspartneren hans, Tor Erik Nilssen, mot lovnad om god avkasting på forretningsplanar i Brasil.

– Begge vart fanga

Vitneforklaringa til Hallaråker inneheldt lite handfast når det gjeld spørsmålet om kva forretningsplanane i Brasil gjekk ut på, skriv Trønder-Avisa .

Voldingen viste til at han hadde teieplikt om sentrale dokument og partnarar. Han ga likevel uttrykk for at han tok medansvar for situasjonen som den tiltalte styreleiaren har hamna i.

– Eg skulle tatt grep tidligere. Vi vart begge fanga. Situasjonen har ridd meg som eit mareritt i to og eit halvt år, men samvitet og ansvaret for tiltalte er verre å tenke på. Eg jobbar 18 timar i døgnet, alle dager i veka med saka. Det er på grensa av kva eg eg klarer som menneske, sa han ifølgje Trønder-Avisa.

Lovte penger

Hallaråker viste til samarbeidsproblem med forretningspartnaren Tor Erik Nilssen, som noko av årsaka til at avkastinga har late vente på seg. Men til liks med den tiltalte styreleiaren, ga Hallaråker uttrykk for at han framleis hadde tru på at Innherred-bedrifta ville få tilbake pengane sine.

– Innan utgangen av 2017, i alle fall første halvår 2018. Får vi ut 40 millionar, skal bedrifta få 30 av dei, sa han ifølgje Trønder-Avisa.

Ifølgje forklaringane frå Hallaråker og den tiltalte styreleiaren er pengane sendt videre til Tor Erik Nilssen i Brasil, og skulle gå til investeringar i infrastruktur for telekommunikasjon og eigedom.

– Gått til skatteparadis

Politiet har gjennomført ei omfattande etterforsking, men rettssaka  dreier seg i første rekke om rolla til styreleiaren. Det er ikkje bestride at det frå 2011 og heilt fram til mai 2017 vart overført penger frå trønderbedriftene til Hallaråker. Ifølgje tiltalen har også enkelte overføringar gått til styreleiaren sjølv og Tor Erik Nilssen.

Politiet har i retten lagt fram opplysingar frå skatteetaten, som viser at pengane er overført til ei rekkje andre land – mange kjent som såkalte skatteparadis, skriv Trønder-Avisa.

I retten har aktor hevda at han har inntrykk av at pengane er gått til privatpersonar som del av eit slags pyramidespill.

– Har forsøkt å ordne opp

Forsvareren til styreleiaren, advokat Christian Wiig, meiner det virkar som at styreleiaren har  er blitt lurt - men av Hallaråker sin partnar, Nilssen.

I følge Trønder-Avisa sa Wiig i retten at politiet sine bevis tyder på at ein del av millionane har gått til å betale ned «gamal gjeld» i Norge.

Til Sunnmørsposten opplyser Wiig at han har inntrykk av at Hallaråker likevel har gjort det han kunne for å ordne opp.

– Har store verdiar

I ein epost til Sunnmørsposten gjentek Hallaråker at han ønskjer å betale tilbake pengene som har kome frå den tiltalte styreleiaren, og at det er «djupt  beklageleg» at dei ikkje er i stand til å betene gjelda per i dag. Han seier at gjelda vil vere betalt i løpet av første halvår 2018. Han opplyser at dei har store eigedomsverdiar i Brasil, at han har vunne ei større telekontrakt , og at dette kan dokumenterast.

Han skriv at dei har «valgt å prioritere å arbeide med det som er viktigast for oss no, å tilbakebetale eit legitimt lån», framfor å kommentere fleire artikler i Trønder-Avisa om han, og er samstundes kritisk til korleis avisa har dekka saka.

– I mitt vaksne liv har eg to mindre fartsbøter på rullebladet, elles er det plettfritt, påpeikar han.

I samband med etterforskinga av saka vart han sikta, men siktinga vart seinare fråfalle av politiet.

Tor Hallaråker har dei siste åra vore involvert i selskapa Network Administration og 180 Grader, som begge er tvangsoppløyst av Søre Sunnmøre tingrett, i hovudsak på grunn av manglande regnskapsføring. Han har og vore ein sentral person i Volda og Ørsta Bordtennisklubb, som la ned aktiviteten på grunn av uryddig økonomi og drift.

Denne saka vart først publisert i Sunnmørsposten. smp.no