Kjøpelystne kundar strøymer i hopetal inn gjennom skyvedøra til nye sportsbutikken Sport Outlet i Strandgata. Heldigvis er her 1100 kvadratmeter til rådigheit for kuppjakt og julegåvesanking.

Eit kvarter tidlegare gjekk personalet gjennom kor dei massive mengdene med ulike typar varer er plassert i lokalet. Dei har førebudd opninga i ti dagar. Veggane i lokalet er kledd inn med tre, nærare bestemt europallar.  Varene har grøne tilbodsmerker på seg.

Butikken har førebels fem tilsette i deltidsstillingar, pluss dagleg leiar Vivi-Ann Teige. Ho er spent, og gler seg til å kome i gang

.

Tidlegare hotelldirektør Vivi-Ann Teige var direktør for Hotel Ivar Aasen i tre år. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

– No skal vi stå her klare, få ting til å gå unna, og ikkje minst ha ein kjempehyggeleg dag, seier ho.

Ho trur ikkje at sportsbutikkane vil øydelegge for kvarandre, då dei saman genererer vekst og kundar til Ørsta.

Kom først - stod 20 minutt i mørket

Ein som hadde lese tilbodsavisa og som kom aller først inn i butikken, var Svein Arne Sætre: tjue minutt før dørene opna var han på plass utanfor, aleine i mørket og regnet . No er han inne i varmen i den stadig fullare butikken, og leitar besluttsamt etter varer han har sett seg ut på førehand.

– Det er fint å få julegåvene i hamn, seier han.

Fangstmann Svein Arne Sætre fekk kloa i to rimelege fiskarstenger Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Av frykt for å øydelegge spenninga for Sætres nære og kjære, kan vi ikkje gå innpå kva det er han har i hendene, bortsett frå at val av fargar, storleikar og material tilseier at han ikkje handlar til seg sjølv. Unntaket er eit par rimelege fiskarstenger som han hastar ivrig bort til, etter at gåvene er sikra.

– Eg kjem absolutt til å kome attende til denne butikken, slår han fast.

Sport 1-sjefen: – Det blir jo spennande

Medan Volda berre har ein sportsbutikk att, har Ørsta no fått sin fjerde. Det er med andre ord mange hundar om kjøtbeinet. Kan Sport Outlet bli eit problem for dei andre?

Litt overraska Syver Nupen hadde trudd Sport Outlet heller ville prøve seg i Volda. – Dette visar at Ørsta er i ferd med å bli eit senter for handel, seier han.

Dagleg leiar Syver Nupen hjå Sport 1 Ørsta medgir at situasjonen som har utvikla seg blir spanande.

– Vi er opptatt av å tilby eit vareutval som vi trur ørstingane ynskjer.

Han meiner dette er noko som skil Sport 1 frå andre kjeder.

– Vår kjede er meir fleksibel med tanke på vareutval enn våre konkurrentar. Vi har stor fridom til å velje kva varer som passar vår lokale marknad.

Butikken har eit breitt utval innan klede, sko, friluft, fiske, ski og sykkel. Dei har òg eigen sykkelverkstad.

– Vi skal yte god service, seier han.