Det gravast, tippast skrapast – og ikkje minst ventast på grønt lys – på Nekken om dagen.

Ein betongmur mellom den brusande elva og Dalevegen er graven fram.

– Muren hallar utover, så det må støypast ny, fortel gravemaskinførar Bengt Berg.

Får jobben gjort Bengt Berg trivst bak gravemaskinspakene. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Berg seier at det å samhandle med bilistane har gått bra. Det har ikkje vore sure miner, sjølv om mange sikkert har blitt overraska over å måtte stoppe for raudt lyst. Eit lite vegstrekk er no nemleg einvegskøyrd.

– Det var på tide at vi fekk oss eit lyskryss her i Ørsta, seier Berg og humrar.

Han trur mange bilistar no har funne vegar rundt slik at dei unngår anleggsarbeidet.

Det er BMO Entreprenør  som leiar anleggsarbeidet. Firmaet opplyser at også brua i krysset skal utbetrast og at prosjektet skal vere ferdig i midten av januar.