Andelsbrev: Leiar Jon Helge Bjørndal i Vartdal TIL håper på stor respons frå bygdefolket når VTIL andelsbrevaksjonen startar.
            (Foto: Rune Sæbønes)

Andelsbrev: Leiar Jon Helge Bjørndal i Vartdal TIL håper på stor respons frå bygdefolket når VTIL andelsbrevaksjonen startar.Foto: Rune Sæbønes

Ynskjer sak om Vartdal-garanti

Formannskapet i Ørsta ynskjer å få på bordet ei sak om kommunal garanti til Vartdal TIL snarast råd.

Vartdal TIL har søkt om ein garanti på 12 millionar kroner. Denne garantien bør vere på plass i god tid før 15. januar, for han er avgjerande for finansieringsplanen av nytt idrettsanlegg på Vartdal. Denne planen må vere på plass for å få godkjent ein spelemiddelsøknad.

I formannskapet var det vilje til å få saka handsama, men det må ei utgreiing til fyrst.

Rådmannen lova å ta tak i saka, men kunne ikkje love nokon dato. Håpet blant formannskapsmedlemmene er å få handsama saka i samband med budsjettmøtet til kommunestyret.

– Det å gje kommunale garantiar slike typar anlegg har vore kurant tidlegare, og burde vere det også her for likebehandling av idrettslaga i kommunen, sa Hans-Olav Myklebust (Frp).

Ordførar Stein Aam (Sp) gjekk også langt i å love ein garanti.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

- Sæbø kan ha ny skule i 2021

I 2021 trur prosjektutviklar Ivar-Otto Kristiansen at det står ein ny skule på Sæbø. Han trur det vil verte altfor dyrt å reparere på den eksisterande.

Fryktar kryssløysingar i Volda

– Frå Grodås og sørover er der ikkje eit einaste kryss der lokaltrafikken kjem inn på Europavegen. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal ha det slik her også.

Alnæs jaktar gjestegitarist frå Ørsta

Frode Alnæs kjem til Ørsta 22. april, og ønskjer å invitere ein lokal gjestegitarist opp på scena.

Ørsta mot Volda den 18. mai

Med Ørsta sitt opprykk til fjerde divisjon, er det igjen klart for lokalfotballens store lokaloppgjer. Den 18. mai er det Ørsta mot Volda.

Voldas Harbid (Ap) vitja Stortinget

– Innvandrarar er like ulike som andre

Volda får ny ferjekai

Vegvesenet lyser ny Volda ferjekai ut på tilbod

Problem med vassforsyninga på Ose

Måndag vil vassforsyninga vere avstengt for abonnentar i delar av Osgeila, Andersholen, Eliholen og Hansholen på Ose.

Utgreiing om drifta for Ørstahellen

Frp: - Viktig å halde tunge beint i munnen

Det gjekk mot ei utsetjing av saka om drift av den nye Ørstahallen i kommunestyret. No skal ei nemnd setje seg ned og greie ut for driftsmodell for Ørsta si nye storstove.

Stor bildeserie:

"Beatles-tilstandar"

Ørsta og Volda Ballettskule samla tre fulle hus.

Hærverk på hytter

Det har vore hærverk på Nipehyttene