– Det som skjer no skremmer meg, og bør skremme mange, sa Aam i formannskapsmøtet denne veka.

På bordet låg ei tilråding frå rådmannen om ei fråsegn til Helse Møre og Romsdal.

I fråsegna vert det uttrykt ei særskild uro over det som står om Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter i planen.

– Ørsta formannskap er spesielt uroa over at Utviklingsplanen har så lågt ambisjonsnivå for sjukehuset i Volda som akuttsjukehus og for Mork Rehabiliteringssenter. For sjukehuset i Volda krev Ørsta formannskap at Utviklingsplanen slår fast at «Volda sjukehus skal vidareutviklast som eit vel fungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, medrekna akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen.» For Mork rehabiliteringssenter ber Ørsta formannskap at kommunane i nedslagsfeltet blir haldne nøye orientert om dei vidare planane, og får høve til å uttale oss om desse og eventuelle konsekvensar», heiter det i forslaget til fråsegn.

Elefanten i rommet

Alle i formannskapet slutta seg til fråsegna. Varaordførar Karen Høydal orienterte dessutan om at det vil verte eit møte med Mørebenken i januar. Ho løynde ikkje kva som er elefanten i rommet, nemleg bygginga av eit nytt sjukehus på Hjelset, og at dette skal finansierast gjennom Helse Møre og Romsdal sine ordinære rammer.

– Det går utover pasientane å spare for å byggje nytt sjukehus. Det er eit stort etterslep, og slik det går føre seg no, er det forferdeleg. Finansieringa av nye sjukehus må skje uavhengig frå staten si side, insisterte Høydal.

Marit Aklestad (SV) sa seg samd med Høydal.

– Eg er heilt samd i at finansieringsmodellen med å ta frå føretaket sine ordinære rammer vert feil. Dette viser baksida av føretaksmodellen. Eg vert også oppgitt når eg høyrer om storkjøkkentankegangen, sa Aklestad.

Rådmann Wenche Solheim slo fast at høyringsfråsegna frå Ørsta er eit slakt av delar av utviklingsplanen. Ho presiserte at fråsegna har vorte arbeidd fram av sakshandsamarar både i Ørsta og Volda kommunar.

I formannskapet var det dessutan semje om at det skal lagast ei eiga fråsegn til sentrale styresmakter om finansieringsmodellen for nye sjukehus.