Det skriv kommuneoverlege Arne Gotteberg i saksutgreiinga om Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal for perioden 2019 til 2022.

Gotteberg har laga ei felles saksutgreiing for Ørsta og Volda kommunar på vegner av rådmennene, og han rår kommunane til å kome med ei skarp høyringsfråsegn.

– Rådmannen er uroleg for helseføretaket sine rammevilkår. Utviklingsplanen kan sjå ut til å vere ein strategi for korleis ein skal drive eit underfinansiert føretak framfor å utvikle tenestene i samsvar med samhandlingsreforma sin intensjon om helheitleg tenestekjede med pasienten i fokus. Ein kan få eit inntrykk av at dette i det store og heile handlar om ein kan forsere oppgåveoverføring på kommunane med påfølgjande underfinansiering for å lette på helseføretaket sin eigen økonomi, skriv Gotteberg i saksutgreiinga.

Uro for Mork

I forslaget til fråsegn, som skal verte handsama av Ørsta formannskap tysdag (i dag), vert det uttrykt ei særskild uro over det som står om Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter i planen.

«Ørsta formannskap er, ut over dette, spesielt uroa over at Utviklingsplanen har så lågt ambisjonsnivå for sjukehuset i Volda som akuttsjukehus og for Mork Rehabiliteringssenter. For sjukehuset i Volda krev Ørsta formannskap at Utviklingsplanen slår fast at «Volda sjukehus skal vidareutviklast som eit vel fungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, herunder akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen.» For Mork rehabiliteringssenter ber Ørsta formannskap at kommunane i nedslagsfeltet blir haldne nøye orientert om dei vidare planane, og får høve til å uttale oss om desse og eventuelle konsekvensar», heiter det i forslaget til fråsegn.

Gotteberg fryktar at investeringskostnadene vert for høge, og at dette går utover drifta. Difor vil han løfte saka på nasjonalt nivå.

– Rådmannen er uroleg for at utviklingsprosessen ikkje vert god nok utan at føretaket tek ei slik runde med sine overordna før dei går vidare med sine planar. Dersom dei ikkje gjer det, må det forventast at statsråden tek initiativet, heiter det i saksutgreiinga.

kritisk: Kommuneoverlege Arne Gotteberg er kritisk til utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal. Foto: Marius Myklebust