Ifølgje nettstaden til Amine Mote AS var selskapet eigd og drive av Møre Design AS.

– Amine er vår nye profil, med fokus på ein stadig yngre og endå meir motebevisst kundegruppe, heiter det på nettstaden.

Fire butikkar vart stengd

No er det slutt både for Amine Drift AS og Amine Mote AS. Konkursbuet til Amine Drift AS vart opna 9. november og same dato opna konkursbuet til Amine Mote AS.

– Amine Drift AS held til i Ørsta og har selt varer ut til butikkane. Dette selskapet har ikkje hatt mange tilsette, seier bustyrar Jørund Knardal.

Amine Mote AS hadde fire aktive butikkar då konkursen vart opna. Dette var butikkar på Nordfjordeid, Orkanger, Steinkjer og Stjørdal.

– Seksten personar har blitt sagt opp i samband med konkursen. Selskapet har vore inne i ein nedleggingsprosess. I løpet av det siste året har det blitt lagt ned fleire butikkar. Dette gjeld m.a. på Moa, i Molde og Kristiansund. Varelaget som var i selskapet var i hovudsak klede for vaksne damer. Det var så mykje gjeld i selskapet til Nordea at varelaget vart abandonert (gitt frå seg red. anm.). Nordea tok på seg å selje ut varelageret. Det har og vore bodgjeving slik at varelager og drift er selt, opplyser Knardal.

– Arbeider med lønskrav

Amine Mote AS vart oppretta i november 2013. I 2016 hadde selskapet 15,7 millionar kroner i driftsinntekter, men har dei tre siste åra hatt eit negativt driftsresultat. Amine Drift AS hadde nærare 9,3 millionar kroner i driftsinntekter i 2016, og hadde eit driftsresultat på 2,1 millionar kroner.

– Status pr. i dag er at vi arbeider med lønskrav og så er det skiftesamling i tingrett litt fram i tid, seier Knardal.