Det skriv Ørsta kommune i eit brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. I brevet viser dei til oppstartsmøtet som vart halde i Molde 1. november, og møtereferatet dei har fått tilsendt i etterkant.

– Vi stiller oss noko undrande til innhaldet i referatet frå møtet. Momenta som vart drøfta og kommunen sine innspel kjem i liten grad fram av referatet, noko som gjer at det misser mykje av sin verdi. Vi vil difor på denne måten spele inn dei mest sentrale poenga som vart tekne opp, skriv ordførar Stein Aam og rådmann Wenche Solheim i brevet.

– Ørsta kommune vil respektere folkeviljen på Bjørke når det gjeld kva kommune dei ønskjer å høyre til. Erfaringane som mange kommunar gjorde seg med folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar i samband med kommunereforma er at alle bør høyrast og at spørsmål og problemstillingar er så klare og utvitydige som råd for å få fram kva folkeviljen faktisk er i slike spørsmål, skriv dei vidare.

Dei meiner at problemstillinga i undersøkinga bør vere presis og enkel.

– Fleire spørsmål og nyansar kan medverke til å gjere det uklart kva vi ønskjer svar på og såleis svekke undersøkinga sin legitimitet. Vi rår difor til at innbyggjarane vert bedne om å svare ja eller nei på spørsmålet om dei ønskjer ei grensejustering.

Kommunen ønskjer også at dei ulike konsekvensane av ei grensejustering må kome fram av utgreiinga og faktagrunnlaget. Difor meiner dei at folket på Bjørke må få dette tilsendt i forkant, eller i samband med sjølve undersøkinga.

– Innbyggjarundersøkinga bør vere skriftleg og bør sendast til kvar einskild med bustadadresse i krinsen. Ein slik framgangsmåte vil ta bort presset som kan oppstå ved å måtte svare direkte i «intervjusituasjon» på eit så avgjerande spørsmål. Ei brevundersøking med svarfrist vil etter vårt syn vere den mest forsvarlege metoden overfor alle innbyggjarane.

Dei melder at Ørsta kommune vil stille seg til rådvelde med å skaffe fram naudsynt grunnlag for gjennomføring av utgreiinga.