Studentsamskipnaden i Volda har sett i gang prosess med detaljplanlegging av studentbustader på areal som dei eig mellom Vikebygdvegen, Grønbakkvegen og Nygardsvegen. (Vest for eksisterande studentbustader på Heltne).

Det vart 9.11.2016 gjennomført førehandskonferanse i høve planarbeidet. I samband med dette vart det frå Samskipnaden signalisert fylgjande intensjonar for planarbeidet og utbygging av området: «Samskipnaden har ynskje om etablering av ca 120 hyblar/bustader på området. Dei ynskjer gjennom planprosess også å få avklara mogeleg byggehøgd i området. Vurderer inntil 5 etasjes bygg som aktuelt, sett i høve til tilliggande område på Heltne i dag og ut frå vurdert økonomi i utbygging. Vil legge opp til tilkomst felles med eksisterande studentbustader på Heltne, og kanskje også til dels sjå desse områda samla med omsyn til parkering og andre felles uteområde.»

Det er lagt opp til utbygging med inntil 5 etg. i autlegaste blokk, og 4 og 3 etasjer på den

vestlegaste blokka (2.byggesteg). Dette er ein etg. over eksisterande studentbustadblokker, som har 4 etg. gesimshøgd. Dette spørsmålet om byggehøgde og volum er gjennomgåande i dei innspel/merknader som har kome inn i samband med oppstartvarsel.

– Dette er det også all grunn til å drøfte nærare både i høve til bygget i seg sjølv og i høve til verknader for naboar og eksisterande bygningsmiljø. Fasadehøgd på 16.3 m frå p-areal i front av bygget er høgt! skriv kommunen i sakspapira til formannskapet, som skal vurdere om saka skal leggast ut på høyring, i møte 21. november.