Formannskapet går inn for å be rådmannen forvarsle planområdet i områdeplanen for Legene. I saka har det blitt vurdert fire område på Legene for utviding og bygging av nytt bustadfelt.

– Ørsta formannskap har vurdert aktuelle alternativ for lokalisering av nytt/utvida bustadfelt på Legene. Formannskapet finn at område 4 er det beste alternativet. Vidare at område 3 kan takast med og vurderast nærare i planarbeidet, heitte i det tilrådinga til vedtak.

Hans Olav Myklebust (Frp) var raskt ute med eit alternativ til tilråding.

– Eg tykkjer at tilrådinga vert for snever med tanke på område. Allereie i forvarselet skal det skrensast inn på kva som kan vere aktuelt område for bustadbygging. Forvarselet bør heller ta med for mykje enn for lite. Om området skal utvidast seinare taper vi berre tid, og eg meiner at alle fire områda som har blitt vurdert skal med i det som forvarslast, sa Myklebust.

– Bra for framtida

Ordførar Stein Aam uttrykte glede for at dei no kjem vidare med områdeplan for Legene.

– Her vil kome sytten tomter og vegtilkomst til Åmås friskule vert løyst. Dette er bra for framtida.

Aam kom og med eit tilleggsforslag til første avsnitt i tilrådinga.

– Formannskapet ser positivt på at område 1 i planframlegget kjem inn i ein fase to i det samla Legene-området.

Aam fekk støtte frå m.a. Per Are Sørheim (H) i sitt framlegg. Myklebust stilte spørsmål om tidsaspektet.

– Kva tid er fase to? Er det 20–30 år fram i tid? Framtida skjer her og no, og vi må vere med på å gripe sjansen til å utvikle Åmdalen, Legene og nedre del av Follesstaddalen. Dette er ein områdereguleringsplan og ikkje ein frimerkeplan.

Samrøystes

Assisterande rådmann Eldar Øye opplyste at salstempoet på tomtene vil kunne avgjere startpunktet for ein fase to på Legene.

Myklebust sitt forslag til vedtak fall, medan Aam sitt forslag vart samrøystes vedteke.