I protokollen frå utdanningsutvalet, som heldt møte 13.11, kjem det fram at dei ønskjer å løyve pengar til ny skule. I budsjettet ønskjer dei å sette av 11 mililonar kroner i 2018, 40 millionar i 2019, 150 millionar i 2020, og 99 millionar i 2021, totalt 300 millionar kroner.

Saka skal også opp i fylkesutvalet og i fylkestinget før ho er endeleg avgjort.

Bygningsmassen til dagens vidaregåande skule i Ørsta har eit samla vedlikehaldsetterslep på 113 mill. kroner. Skulen er klart dårlegast i fylkeskommunen både i høve til tilstand og økonomisk vedlikehaldsetterslep, kommenterer fylkesrådmannen i forslaget til økonomiplan.