Volda kommune vil betale 7,3 millionar kroner for å knyte turområdet Elvadalen nærare til Volda sentrum.

Formannskapet skal handsame saka i møte tysdag 14. november.

Turvegen skal gå mellom Presteholmen i Elvadalen til Volda sentrum.

- Å knyte dei grøne og frodige naturområda i Elvadalen tettare saman med Volda sentrum ved å bygge turveg og bruer fram til Presteholmen, utgjer eit viktig og etterlengta grep i arbeidet med å utvikle sentrum til ein meir attraktiv stad, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Noko av tiltaket er tenkt finansiert med spelemidlar (1,5 millionar), tettstadmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune (1,7 millionar) og tilskot frå lokalt næringsliv (300.000 kroner).

Hamnekvartalet

Etter at turvegen i Elvadalen er realisert, er det Hamnekvartalet i sentrum som står på ønskelista til kommuneadministrasjonen i Volda.

- Å utvikle dette avgrensa området til eit moderne «byrom» med element som gjer det vesentleg meir attraktivt å opphalde seg på og å ferdast i vert vurdert som heilt grunnleggande for vidare utvikling av gatemiljøet i Volda sentrum og det utgjer eit naturleg neste byggesteg i sentrumsprosjektet når Elvadalsprosjektet vert ferdig. Det er derfor svært ønskjeleg at grunnspørsmålet i området vert løyst og ein kan kome i gong med tiltaket.

Det er snakk om å løyse inn eit avgrensa areal.

Etter at delprosjekt 1 i Hamnekvartalet er ferdig vil neste delprosjekt som peikar seg ut vere etablering av «miljøgatestandard» for sjølve vegområdet på E39 i tillegg til rehabilitering av strandpromenade langs kaia og utvikling av sjøfronten mot sentrumshamna, m.a. med gjestebrygge.