På plass: No kan dei som vil følgje byggjeprosessen av den nye fleirbrukshallen i Ørsta. Skjermdump

På plass: No kan dei som vil følgje byggjeprosessen av den nye fleirbrukshallen i Ørsta. Skjermdump

No kan byggjeprosessen følgjast

Tidlegare i år var det montert to kamera som dokumenterer bygginga av den nye Ørstahallen. No er og nettsida på plass.

Dermed kan alle som vil følgje med på byggjeprosessen av hallen via nettsida. Kvart kamera tek eitt bilde i timen mellom klokka seks om morgonen og seks om kvelden. 12 bilde i døgnet i heile byggjeperioden fram til hallen står klar i november 2018, vert om lag 13.000 bilde. Dette skal så verte sett saman til ein såkalla timelaps, ein film der sakte-TV vert raskt-TV, ved at bilda vert sett saman til ein film. Filmen vil vise bygginga av hallen på eit par minutt.

Installasjonen av kameraa vart gjort i august, og då har det teke litt tid å få nettstaden opp og gå. No er alt på plass.

– Her får vi dokumentasjon både på bygginga og på vêrtilhøva i Ørsta, sa Gunnar Knutsen i Ørsta Idrettspark då kamera vart installert.

Kameraa vert finansiert gjennom Ørsta Idrettspark, i tillegg til at Elektroservice også sponsar litt av utstyret.

Lenkja til nettstaden er https://sites.google.com/site/orstahallen/

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Sjå bildeserie:

Storkonsert for fullsett sal

78 elevar frå Ørsta kulturskule viste fram talenta sine på scena onsdag.

Slutt for Amine

Har meldt oppbod.

– Det er eit nytt stort steg for oss

Budsjettforlik med ny satsing på nynorsk.

Vil gjere Ørsta til eit meir demensvennleg samfunn

Alle slag sørvisverksemder kan no få opplæring i korleis dei skal gå fram overfor demente kundar og brukarar. I Ørsta har dei fyrste verksemdene no hatt kurs.

Frå kritisk til betre ved Velle skule

– Vi hadde ein situasjon ved Velle skule som var kritisk ille. No er det betre, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Sett pris på – reint bokstaveleg

– Å vinne Brageprisen igjen – det kjennest - heilt bokstaveleg – å verte sett pris på!

Nær tusen hos Ørsta Skisenter

– Det vart den beste opningsdagen vi nokon gong har hatt. Og det viser behovet for eit godt fungerande skisenter.