Dermed kan alle som vil følgje med på byggjeprosessen av hallen via nettsida. Kvart kamera tek eitt bilde i timen mellom klokka seks om morgonen og seks om kvelden. 12 bilde i døgnet i heile byggjeperioden fram til hallen står klar i november 2018, vert om lag 13.000 bilde. Dette skal så verte sett saman til ein såkalla timelaps, ein film der sakte-TV vert raskt-TV, ved at bilda vert sett saman til ein film. Filmen vil vise bygginga av hallen på eit par minutt.

Installasjonen av kameraa vart gjort i august, og då har det teke litt tid å få nettstaden opp og gå. No er alt på plass.

– Her får vi dokumentasjon både på bygginga og på vêrtilhøva i Ørsta, sa Gunnar Knutsen i Ørsta Idrettspark då kamera vart installert.

Kameraa vert finansiert gjennom Ørsta Idrettspark, i tillegg til at Elektroservice også sponsar litt av utstyret.

Lenkja til nettstaden er https://sites.google.com/site/orstahallen/